Første renn i skileikanlegget for hopp på Sogn Skisenter laurdag 5.mars

Laurdag 5.mars 2022 vart det for første gong arrangert hopprenn i det nye anlegget for skileik for hopp ved Banktrekket ved Sogn Skisenter. På nærmiljøanlegget vart små hoppbakkar 5 meter, 10 meter og 19 meter teke i bruk.

Hopparar i alderen 4 til 68 år deltok i det første rennet med lengdemåling i det nye flotte rekrutteringsanlegget for hopp ved Sogn Skisenter.

Dei fleste hoppa totalt 8 hopp i rennet og resultata nedanfor syner samla lengde for dei 3 beste hoppa til kvar deltakar. Flott innsats av alle som deltok!

RESULTAT lengdemåling  (lengde samanlagt 3  beste hopp)

Bakkane K-5 og K-10 meter:

Eilert Engesæter Eliassen        7,5 meter

Emma England          15,0 meter

Olav Hagelin Moe                    15,5 meter

Ellisiv Olsen Sjøthun             14,0 meter

Live Brynjulfsen 12,0 meter

Nora Brynjulfsen                       14.5 meter

Per Gunnar Moe                       18,0 meter 

Jens Engesæter Eliassen          21.5 meter 

Tord Kalland                                7,0 meter

Bakke K-19 meter: 

Jon Ove Lomheim                       66,5 meter  

Bakkemannskap under rennet var: Ove Fredheim, Ove Midtbø, Claus Ruhmor Moe, Ingvar Lomheim, Per Kristian Leirdal, Jon Ove Lomheim og Per Birger Lomheim.

I minste bakken sette Jens Engesæter Eliassen, 8 år, bakkerekord med 7,5 meter og i den største bakken landa Jon Ove Lomheim , 68 år , på 19 meter som er bakkerekord.

Etter hopprennet var det premieutdeling ved Servicebygget, der alle som deltok fekk kvar sine to velfortente premiar med heim.

Takk til Luster Sparebank og Luster Energiverk som har vore med å sponsa innkjøp av nye rekrutthoppski. Takk også til alle som sponsa premiar, og til Sogn Skisenter for god prepping og service!

Sjølv om bakkane ved Sogn Skisenter ikkje er heilt ferdige, vart dette eit flott opningsrenn og vi håpar mange vil prøve seg på hopping i det nye nærmiljøanlegget for hopp framover. Hoppgruppa legg opp til treningar kvar torsdag kl.1815 og på laurdagar så lenge tilhøva gjer det mogleg. Følg med på FB-sida vår for informasjon.

For Hoppgruppa i Hafslo IL, Per Birger