Laurdag 2.april kl 12 blir det lengdekonkurranse (med atterhald om dårleg vær og utsetting til 03.04.22) i det nye hoppanlegget på Sogn Skisenter (ved Banktrekket).
Det vert laga hoppar for 2, 5 ,8, 11 og 20 meter lengde. Spor vert laga kun for bruk av hoppski. Alle andre typar ski kan også nyttast, men då utan spor og gjerne meir «sprett».
Påmelding frå kl 11.30 i hoppanlegget med utlevering av startnummer.
Hoppanlegget stengt for trening laurdag fram til start av prøveomgang kl 12. ‘
Deretter lengdemåling 3 omgangar og fri fart.
Premie til alle.
Det blir også Hoppleik kvar torsdag kl 18.15 framover med gratis utlån av hoppski. Følg med på FB-sida for informasjon.
Hoppgruppa håpar mange ønskjer å bli med på hoppleik på laurdag.
Har du spørsmål eller treng meir informasjon, kontakt leiar i hoppgruppa Jon Ove på telefon 91721076.