Lerum Cup 2022 – dugnadslister og informasjon

Etter tre års pause vert det endeleg Lerum Cup igjen! Hafslo IL gler seg til å samarbeide med Sogndal IL om Lerum Cup 2022 frå torsdag 23.juni til søndag 26.juni. Det vert stor aktivitet på Hafslo og i Moane neste helg.

Vi er utrulege takknemlege for alle som har stilt opp med klargjering av anlegget i Moane så langt!

Som vanleg vert det fellesdugnad for alle trenarar, lagleiarar og andre som vil hjelpe til onsdag 22.juni frå kl.1730. Sjå meir info på Hafslo IL si FB-side.

Det er sett opp dugnadslister for kiosk, parkering og overnatting på skulen. Vi har oppretta ei eiga FB- gruppe «Dugnad Lerumcup 2022» for publisering av dugnadslister og viktig info undervegs. Vi prøver å invitere alle som er sett opp på dugnad i den gruppa. Om nokon ikkje har fått invitasjon, kan de søke opp gruppa på FB og be om å bli lagt til. Alle oppdaterte lister vert også lagt ut her på heimesida etterkvart, sjå nedanfor.

Håpar alle kan stille på oppsette vakter. Om nokon har spørsmål til dugnadslistene kan de kontakte følgjande personar:

Kiosk: Karita Nes, tlf. 48141645

Parkering: Ove Midtbø, tlf. 41375655

Dugnad på skulen: Ove Midtbø, tlf. 41375655

Håpar alle er klare til å bidra til ei flott turneringshelg på Hafslo og i Moane neste helg!

Mvh styret i Hafslo IL og Lerum Cup-nemnda 2022