TINE Fotballskule Hafslo 2022

I 2022 er det 25-års jubileum for TINE Fotballskule, og også i år arrangerer Fotballgruppa fotballskule i Moane på Hafslo i siste veka av skuleferien. Fotballskulen er for jenter og gutar i alderen 6-12 år (fødde 2010-2016).

Årets TINE fotballskule Hafslo vert arrangert i Moane måndag 8.august til onsdag 10.august kl.10-14 kvar dag.

Meir informasjon om TINE Fotballskule finn du på www.tinefotballskole.no.

På fotballskulen får du utvikle dine fotballferdigheiter der spel, leik og sosialt samvær står sentralt. Det blir tre dagar med fokus på trening, trivsel, læring, topp stemning og gode haldningar!

Fotballskulen på Hafslo er for ALLE born i alderen 6 til 12 år uavhengig av ferdigheiter og funksjonsnivå, og du treng ikkje å ha spelt fotball tidlegare!

Alle deltakarar får TINE t-skjorte, TINE-ryggsekk/bag og fotball. Alle får også servert Tine-mjølk eller juice og frukt kvar dag.

Pris: 400 kr per deltakar.

Påmelding via skjemaet i denne lenkja: https://forms.gle/WgZ7ZvobizWPRLh39

PÅMELDINGSFRISTEN ER 1.AUGUST 2022. NB: Vi har eit tak på antal deltakarar, slik at påmeldinga kan bli stengt før fristen dersom det blir fullt!

Stadfesting av påmelding og informasjon om betaling vert sendt per e-post kort tid etter at påmeldinga er registrert.

Meir informasjon om gjennomføring av fotballskulen blir sendt ut til alle påmelde deltakarar etter påmeldingsfristen i byrjinga av august!

Fotballgruppa håpar mange jenter og gutar vil vere med på årets TINE Fotballskule på Hafslo siste veka i skuleferien!

Eventuelle spørsmål om Tine Fotballskule på Hafslo kan rettast til Ove Midtbø på e-post: ovemidtbo@hotmail.com eller tlf. 41375655