TINE Fotballskule Hafslo 2022 vert arrangert 3.- 4.september – bli med på flott fotballhelg i Moane!

I 2022 er det 25-års jubileum for TINE Fotballskule, og dessverre måtte vi utsette fotballskulen siste veka av skuleferien. Takk til TINE/NFF for at vi får ein ny sjanse, og gler oss til å arrangere årets TINE Fotballskule første helga i september!

Nytt tidspunkt for TINE fotballskule Hafslo 2022 er laurdag 3.september og søndag 4.september kl.10-14 kvar dag. No har vi fått stadfesta at vi har fleire vaksne, spelarar på seniorlaget og ikkje minst mange flotte fotball-ungdomar på Hafslo som kan stille opp som instruktørar den aktuelle helga!

Fotballskulen er for jenter og gutar i alderen 6-12 år (fødde 2010-2016). Meir informasjon om TINE Fotballskule finn du på www.tinefotballskole.no.

På fotballskulen får du utvikle dine fotballferdigheiter der spel, leik og sosialt samvær står sentralt. Det blir to flotte dagar med fokus på trening, trivsel, læring, topp stemning og gode haldningar!

Fotballskulen på Hafslo er for ALLE born i alderen 6 til 12 år uavhengig av ferdigheiter og funksjonsnivå, og du treng ikkje å ha spelt fotball tidlegare!

Alle deltakarar får TINE t-skjorte, TINE-ryggsekk/bag og fotball. Alle får også servert Tine-mjølk eller juice og frukt kvar dag.

Pris: 400 kr per deltakar.

Påmelding via skjemaet i denne lenkja: https://forms.gle/cdmVbv5u4fGXVJQe9

NY PÅMELDINGSFRIST ER 1.SEPTEMBER 2022. NB: Vi har eit tak på antal deltakarar, slik at påmeldinga kan bli stengt før fristen dersom det blir fullt!

Alle som opprinneleg var påmeldt har fått eigen e-post om nytt tidspunkt, og vert oppmoda om å svare så snart som mogleg om dei ønskjer å vere med!

Stadfesting av påmelding og informasjon om betaling vert sendt per e-post kort tid etter at nye påmeldingar er registrert.

Meir informasjon om gjennomføring av fotballskulen blir sendt ut til alle påmelde deltakarar i løpet av fredag 2.september!

Fotballgruppa håpar mange jenter og gutar vil vere med på årets TINE Fotballskule på Hafslo første helga i september!

Eventuelle spørsmål om Tine Fotballskule på Hafslo 2022 kan rettast til Ove Midtbø på e-post: ovemidtbo@hotmail.com eller tlf. 41375655.