Årsmøtet for Hafslo IL for 2022 vart gjennomført på tradisjonelt vis på Eikum Hotell måndag 27.februar 2023. Styret vil takke alle som møtte og særskilt takk til Eikum Hotell som sørga for god tilrettelegging og matservering som alltid.
Årsmøtet handsama vanlege årsmøtesaker, i tillegg til tre innmelde saker. Nedanfor finn de lenkjer til endeleg årsmelding, årsrekneskap 2022 protokoll frå årsmøtet mm.
Innsatskrus og andre utmerkingar for 2022
Det er mange som fortener ein stor takk for innsatsen for Hafslo IL gjennom året. Takk til alle som har bidrege for Hafslo IL i 2022. Vi gratulerer alle som fekk innsatskrus og anna merksemd på årsmøtet.
Tillitsvalde Hafslo IL i 2023
Vi vil takke alle som har takka ja til å vere tillitsvalde i styret og særgruppene i 2023, og ikkje minst særskilt takk til alle dykk som er nye tillitsvalde.
Styret og gruppene håpar å få medlemer til å melde seg til ledige tillitsverv i løpet av 2023.
Saker på årsmøtet 27.februar 2023
Årsmelding 2022 vart godkjent med nokre mindre korrigeringar etter innspel på årsmøtet.
Rekneskap 2022
Kontrollutvalet v/Gerd Westby og Hermann Odd Stein la fram si vurdering av rekneskapen for 2022 på årsmøtet. Konklusjonen var: Ingen merknader.
Takk til Gerd og Hermann Odd for den gode og grundige kontrollen av rekneskapen vår. Takk også til Sogn Rekneskapskontor v/Laila Røneid for godt samarbeid med føring av rekneskapen.
Det var tre innmelde saker til årsmøtet
K45 – driftsavtale med Sogn Skisenter
Anleggsplan Hafslo IL 2023-2027
Organisasjonsplan Hafslo IL 2023-2026
Etter gode diskusjonar på årsmøtet, og ei avstemming, vart sakene stort sett vedtekne i tråd med styret sitt framlegg.
Styret vil takke alle sponsorane våre, medlemene, tillitsvalde, utøvarar, trenarar og alle andre som har vore aktive og støtta Hafslo Idrettslag i 2022. Vi ser fram til flott og aktivt år for idrettslaget i 2023.
Hovudstyret i Hafslo IL