Årsmøte Hafslo IL 27.februar 2023 kl.19 – oppdatert informasjon

Som tidlegare annonsert her på sida og Facebook-sida vår, vert årsmøtet for Hafslo IL for 2022 på Eikum Hotell måndag 27.februar 2023 kl.19.

Det er tre saker som er komne inn og som skal handsamast i tillegg til dei ordinære årsmøtesakene. Dette gjeld følgjande saker:

K45 – driftsavtale med Sogn Skisenter

Innspel frå Hoppgruppa 12.01.2023 med utkast til driftsavtale for K45:

Anleggsplan Hafslo IL 2023-2027

Organisasjonsplan Hafslo IL 2023-2026  

Oppdatert saksliste finn de i lenkja nedanfor:

Lenkje til styret si vurdering og framlegg til vedtak i innkomne saker:

Årsmeldinga for 2022 finn de i denne lenkja:

Det vert lagt opp til matservering i løpet av årsmøtet. NB: Om det er nokon som skal delta på årsmøtet og som har allergiar eller liknande, så må de melde i frå direkte til Eikum Hotell v/Ståle innan fredag 24.februar 2023.

Styret jobbar også med å få på plass tillitsvalde i styret, gruppene og ulike utval/grupper i samarbeid med særgruppene. Vi har ikkje valnemnd, så vi håpar å få på plass kandidatar før årsmøtet neste måndag. Om nokon kan tenkje å ta på seg tillitsverv i styret og i ulike grupper, så kan de ta kontakt med leiar Ove Midtbø på tlf. 41375655. Styret si innstilling til val av nye tillitsvalde vert lagt fram på årsmøtet.

NB: Vi gjer merksame på at årsmelding for 2022 og øvrige saksdokument berre vert gjort tilgjengeleg digitalt. Det betyr at papirkopi ikkje vert gjort tilgjengeleg for dei som møter på årsmøtet. Om nokon ønskjer papirkopi ved oppmøte, kan de sende ein e-post til leiar Ove Midtbø per e-post til: ovemidtbo@hotmail.com.

Styret ønskjer alle medlemene våre velkomne på årsmøtet neste måndag. Vi gjer også merksam på at det berre er medlemer av idrettslaget, og som har vore medlemer i minst fire veker, som har røysterett under dei ulike sakene.

Vel møtt!

Styret i Hafslo IL