Har du innspel til ny anleggsplan for Hafslo IL?

Det nærmar seg årsmøte for Hafslo IL som vert arrangert på Eikum Hotell måndag 27.februar 2023 kl.19.

På årsmøtet skal mellom anna gjeldande anleggsplan reviderast, og styret ønskjer innspel frå medlemene til kva anlegg de ønskjer Hafslo IL skal arbeide for dei neste åra. Lenkje til gjeldande anleggsplan finn de her:

Anleggsplan 2019-2022

I den gjeldande anleggsplanen finn de ei oversikt over eksisterande anlegg, anlegg som det er sendt inn spelemiddelsøknader for og planlagde anlegg.

Hafslo IL har bidrege til realisering av fleire nye anlegg dei siste åra, og fleire anlegg er under arbeid. Dei eksisterande anlegga og dei som det er sendt inn spelemiddelsøknader for, satsar vi på å få realisert som planlagt. Det er derfor framlegg til vidare prioritering av dei planlagde anlegga og eventuelle nye anlegg vi ønskjer innspel til før årsmøtet i 2023. Per i dag har vi følgjande planlagde anlegg som det ikkje er sendt inn spelemiddelsøknad for i anleggsplanen:

Hoppanlegg K45 ved Sogn Skisenter

Kunstgrasbane 11ar bane Moane

Fleirbrukshall Hafslo

Hoppanlegg K70 ved Sogn Skisenter

Vi oppmodar alle medlemer, og særleg born og unge, om å melde inn framlegg til anlegg for idrettsaktivitetar som de ønskjer Hafslo IL skal arbeide for å få realisert framover.

Eventuelle framlegg til nye anlegg og prioritering av planlagde anlegg kan sendast til leiar@hafslo-il.no innan måndag 13.februar 2023. Ta gjerne direkte kontakt også med styreleiar Ove Midtbø via Messenger eller tlf. 41375655 om de har innspel eller framlegg til nye anlegg.

På grunnlag av innspela som kjem inn, vil styret legge fram ei innstilling til ny anleggsplan for 2023-2026 til årsmøtet. Styret si innstilling vert lagt ut på heimesida og FB-sida vår seinast ei veke før årsmøtet, det vil seie seinast måndag 20.februar 2023.

Endeleg vedtak til ny anleggsplan for Hafslo IL 2023-2026, og prioritering av anlegg idrettslaget ønskjer å satse på framover, vert vedteke på årsmøtet 27.februar 2023. Prioriterte anlegg i Hafslo IL sin nye anleggsplan vert deretter vidareformidla til Luster kommune og Luster Idrettsråd, som skal vedta ny Kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Her er høyringsfristen 1.mai 2023.

Vi håpar på mange gode innspel til ny anleggsplan  i regi av Hafslo IL innan 13.februar 2023!

Helsing styret i Hafslo IL