Årsmøte for Hafslo IL måndag 27.februar 2023

Det vert årsmøte for Hafslo Idrettslag for 2022 måndag 27.februar 2023 kl.19.

Årsmøtet vert som vanleg halde på Eikum Hotell.

Det vert vanlege årsmøtesaker. I tillegg skal det vedtakast ny anleggsplan for 2023-2026 og ny organisasjonsplan for 2023-2026. Meir informasjon om desse sakene og moglegheit for å kome med innspel kjem på heimesida vår og Facebook-sida vår framover mot årsmøtet.

Førebels saksliste og årsmeldinga for 2022 finn de i lenkjene nedanfor:

Andre saker som medlemene vil ha handsama på årsmøtet må vera kome styret i hende seinast to veker før årsmøtet, det vil seie innan måndag 13.februar 2023.

Saker kan meldast til styret på e-post til leiar@hafslo-il.no .

Berre medlemer har røysterett, og du må ha vore medlem i minst ein månad før årsmøtet, jf. lov for Hafslo IL § 5, jf. NIFs lov § 2-5.

Årsmelding for 2022 og andre aktuelle saksdokument vert gjort tilgjengelege for medlemene på heimesida vår www.hafslo-il.no seinast ei veke før årsmøtet. Det kjem også meir informasjon om årsmøtet og aktuelle saker på heimesida og på Facebook-sida vår framover.

Hovudstyret i Hafslo IL