Hafslo IL er stolte av å annonsere at vi har inngått ei samarbeidsavtale med den lokale bedrifta NVRLND om sal av kvalitetssokkar til ein god pris til inntekt for klubben. Kjøper du sokkar frå NVRLND hos Hafslo IL støttar du idrettslaget, og 50 prosent av fortenesta går til klubben!
I første omgang kan du velje mellom fire ulike typar sokkar i ulike Marius-motiv og storleikar, sjå bilete nedanfor. Alle typar kan bestillast i storleikane 36-40 og 41-45. Du vel type og storleik i bestillingsskjema nedanfor.
Prisen er kr. 140,- per par, og bestilling kan de gjere via skjema i denne lenkja:
Bestillingsskjema – sokkar frå NVRLND
Når bestillinga er registrert i skjema, kan du betale via VIPPS #114316 eller til kontonr. 3785.07.20062.
Etter at bestilling og betaling er registrert, får du levert sokkane på døra eller i postkassa om du bur i nærleiken så snart det let seg gjere. NB: Ved postlevering kjem frakt i tillegg, og du får melding via e-post om betaling av frakt i etterkant. Frakt kjem i tillegg på alle bestillingar utanfor Luster kommune, Sogndal sentrum og Kaupanger.
Nytt høvet til å sikre deg flotte og gode bomullssokkar, samstundes som du støttar Hafslo IL og ei lokal bedrift.
Dette er spanande, og vi ser fram til å samarbeide med NVRLND framover. Følg med på Facebook-sida vår for gode tilbod og kampanjar.