Informasjonsmøte om fotballsesongen 2023 tysdag 18.april 2023

I kveld har Fotballgruppa hatt informasjonsmøte for trenarar, lagleiarar og foreldre om fotballsesongen 2023 i auditoriet på Hafslo BU-skule. Presentasjon og informasjonen frå møtet finn de i lenkja nedanfor.

I møtet vart det mellom anna informert om medlemsskap, treningsavgift, Luster Fritidsfond, dugnad Lerum Cup 2023 og samarbeidet mellom Hafslo IL, IL Bjørn og IL Fanaråk sesongen 2023. Meir informasjon kjem etterkvart.

NB: Ei viktig presisering som vi vart merksame på etter møtet når det gjeld farge på shorts/sokkar sesongen 2023: Det er berre laga som skal ha samarbeidslag at spelarane skal ha svarte shortsar og svarte sokkar sesongen 2023. Dvs. J11/12, G12, J13/14, senior damer og senior herrer.

Miniputt og aldersbestemte lag som ikkje er samarbeidslag sesongen 2023, skal spele i svarte shortsar og gule sokkar som vanleg!

Minner om at medlemer i Hafslo IL får 20% rabatt på kjøp av svarte shortsar og gule/svarte sokkar hos klubbsponsoren vår Intersport Sogndal.

Takk til alle som møtte i kveld, og for mange gode innspel og spørsmål undervegs. Som nemnt på møtet kjem det meir informasjon om trening- og kamptider, dommarar mm. om fotballsesongen både her på heimesida og FB-sida framover.

Vi ser fram til ein flott fotballsesong, og håpar våren gjer at vi snart har spelbare baner både på kunstgrasbana og i Moane.

Fotballgruppa i Hafslo IL