Styret i Hafslo IL kallar inn til ekstraordinært årsmøte onsdag 3.januar 2024 kl.20 digitalt via Teams for handsaming av følgjande saker:
1. Godkjenne avtale mellom Hafslo IL og Sogn Skisenter om bygging og drift av hopp- og friskianlegg ved Sogn Skisenter.
2. Godkjenne innsending av spelemiddelsøknader for følgjande anlegg:
a. Heilårs hoppbakke K5 (ved banktrekket)
b. Heilårs hoppbakke K10 (ved banktrekket)
c. Heilårs hoppbakke K20, inklusiv alle fasilitetar i hoppanlegg (ved banktrekket)
d. Friskianlegg (ved banktrekket)
Bakgrunn for innkalling til ekstraordinært årsmøte:
På årsmøtet i Hafslo IL 27.02.2023 vart det gjort følgjande vedtak under sak 11a «Anleggsplan Hafslo IL 2023–2027»:
Hafslo IL vedtek framlegg til ny anleggsplan for Hafslo IL 2023-2027 slik denne vert lagt fram for årsmøtet 27. februar 2023. Dette inneber at anlegga under del 2 vert prioritert høgt vidare i neste planperiode, og at alle anlegga under del 3 med styret sine prioriteringar vert spelt inn til arbeidet med ny «Kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i Luster kommune 2024 – 2036» innan fristen 1.mai 2023. Årsmøtet godkjenner at styret har dialog med Sogn skisenter om prioritering av anlegga under punkt 4 (hopp K45) og 5 (oppgradering K10-19 til heilårsanlegg) og kan byte rekkefølga på desse.
Vedteken anleggsplan 2023-2027
Etter årsmøtet har Hafslo IL spelt inn dei prioriterte anlegga i anleggsplanen til ny kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i Luster kommune 2024 – 2036, med handlingsplanar 2024-2027. I tillegg har Hafslo IL hatt dialog med Sogn Skisenter om realisering av anlegga i anleggsplanen etter årsmøtet, og styret i Sogn Skisenter har godkjent avtale med Hafslo IL om bygging og drift av heilårsanlegg hopp K5, K10, K20 og friskianlegg. For å kunne sende inn spelemiddelsøknader for dei nemnde anlegga, som er høgt prioriterte i anleggsplanen vår, er det naudsynt med årsmøtegodkjenning av avtale om drift og bygging og innsending av spelemiddelsøknader for dei nemnde anlegga.
Vi har også hatt god dialog med Luster kommune om innsending av spelemiddelsøknader for anlegga. For å rekke innsending av spelemiddelsøknader innan den absolutte fristen for 2024 som er 15.januar, treng vi årsmøtevedtak på avtale om bygging og drift og innsending av spelemiddelsøknader i rimeleg tid innan fristen. Derfor vert det innkalt til ekstraordinært årsmøte i Hafslo IL 3.januar 2024, for å få naudsynte vedtak på plass.
Nedanfor finn de lenkjer til aktuelle dokument som grunnlag for sakene:
Som nemnt vert det ekstraordinære årsmøtet digitalt via Teams onsdag 3.januar 2024 kl.20. Lenkje til Teams-møtet finn de her: Ekstraordinært årsmøte Hafslo IL 03.01.2024
Alle er velkomne til å delta på det ekstraordinære årsmøtet, men berre medlemer i Hafslo IL har røysterett.
Eventuelle spørsmål kan rettast til leiar Ove Midtbø per e-post leiar@hafslo-il.no eller tlf. 41375655.
Informasjon og påminning om det ekstraordinære årsmøtet vert også lagt ut på FB-sida vår.
Hafslo 21.12.2023
Helsing Styret i Hafslo IL