Haustmarknad og markering av 90-års jubileum søndag 3.november 2024

Søndag 3.november 2024 skal Hafslo IL arrangere den årlege Haustmarknaden i Samfunnsbygget på Hafslo frå kl.15. I november fyller Hafslo IL 90 år, noko som skal markerast på marknadssøndagen 3.november.

Det var derfor utruleg kjekt at vi vart kontakta av Stolpen Butikk (Esso Hafslo) og fekk opplyst at dei ville vere med å sponse jubileumsfeiringa vår med pizza til alle som møter på Haustmarknaden! Dette er ei utruleg flott og raus jubileumsgåve frå Stolpen Butikk som vi set enormt stor pris på. Gåva frå Stolpen gjer at vi kan invitere alle som vil (både medlemer og bygdefolk) til Haustmarknad og jubileumsfest søndag 3.november 2024 frå kl.15 i Samfunnsbygget. Alle som møter på Haustmarknaden vår mellom kl.15 og 16 får gratis pizza sponsa av Stolpen Butikk!

I tillegg sørger Hafslo IL for gratis pølser og pølsebrød og drikke til alle som kjem og deltek på jubileumsmarkeringa mellom kl.15 og 16. I dette tidsrommet vert det også utdelt premiar for Hafslotrimmen 2024, og det vert eit historisk tilbakeblikk frå Hafslo IL sin 90-årige historie.

Vi er utruleg heldige som har slike lokale bedrifter som på denne måten støttar opp og ser på Hafslo IL som ein ressurs i bygda! På same måte som Hafslo IL ser på både Stolpen Butikk, andre lokale bedrifter og lag og organisasjonar som samarbeidspartar, og som heilt avgjerande for trivsel i den flotte bygda vår!

Frå kl.16 søndag 3.november vert det tradisjonelle marknadsaktivitetar med åresal, loddsal, lynlotteri og tippekonkurransar. Hafslo IL serverer også gratis jubileumskaker, kaffi og drikke utover ettermiddagen til alle som kjem på Haustmarknaden!

Hafslo IL er stolte av at vi i snart 90 år har sørga for stor breiddeaktivitet for born og unge og medlemer i alle aldrar innanfor mange idrettar og aktivitetar, der all aktivitet har vore basert på dugnad og frivilleg innsats av mange: Eldsjeler, foreldredugnad og mange andre hjelparar og støttespelarar.

Vi er også utruleg takksame for alle lokale bedrifter som har bidrege som sponsorar og støtta opp om aktivitetane våre i snart 90 år, saman med Luster kommune og gode støtteordningar for breiddeidrettsaktivitet frå Idrettsforbundet. Ikkje minst er vi utruleg stolte, imponerte og takksame for alle dei supre utøvarane vi har hatt gjennom alle desse åra, som gjennom sin innsats og deltaking på aktivitetane våre uansett alder og funksjonsevne, har sett pris på å få vere ein del av Hafslo IL! Vi skal halde fram med stor breidde i aktivitetane våre, dugnadsinnsats og godt samarbeid med alle flotte lokale bedrifter og støttespelarar fram mot 100-års jubileumet om ti år!

Det vert ikkje dørsal av lodd til årets Haustmarknad denne hausten, men det vert i kveld opna for å kjøpe lodd via VIPPS fram til Haustmarknaden startar søndag 3.november 2024 kl.15!

Årets hovudgevinst er som vanleg sponsa av klubbsponsoren vår, Intersport Sogndal, og er eit gåvekort på kr.6000,-. I tillegg kan vi mellom anna nemne sesongkort vaksen frå Sogn Skisenter (verdi kr. 5200) og gåvekort 4-rettars middag frå Walaker Hotell (verdi kr. 2500).

Vi kan i tillegg love mange andre flotte gevinstar!

SLIK KJØPER DU LODD VIA VIPPS:

Send ønska beløp du vil kjøpe lodd for til VIPPS 114316. Merk innbetalinga med «Haustmarknad + namn + telefonnr.» Stadfesting av loddkjøp kjem via SMS så snart betaling/bestilling er registrert.

Kr. 20 per lodd – 6 lodd for 100 kr.

Trekning av loddbøkene skjer på Haustmarknaden i Samfunnsbygget på Hafslo søndag 3.november 2024 frå ca kl.18.

I forkant av Haustmarknaden søndag 3.november vert det også stand på SPAR Hafslo laurdag 26.oktober kl. 10-16 og laurdag 2.november kl.10-16, med moglegheit for å kjøpe lodd, tippekonkurransar mm.

Som tidlegare år vert det mange flotte gevinstar på loddbøkene, og vi takkar alle lokale bedrifter og andre støttespelarar som støttar oss med gevinstar.

Vi håpar mange støttar opp om Haustmarknaden vår i jubileumsåret 2024, og det kjem meir informasjon både her på sida og på heimesida vår både i kveld og i vekene som kjem.

Takk til alle som støttar opp om idrettslaget vårt!