Fotballsesongen er i gong, og etter påske startar også treningane for miniputtane. Det er derfor viktig at alle som skal vere med på fotball sesongen 2017, ordnar alle formalitetane knytt til medlemsskap, treningsavgift og dugnad.
For å spele fotball for Hafslo IL må følgjande vere oppfylt:
1. Medlemsskap i Hafslo Idrettslag.
2. Betale treningsavgift til idrettslaget. Treningsavgifta er: 0-5 år: gratis, 6-10 år: kr 200, 11-14 år: kr 400, 15-19 år: kr 600, senior: kr 1000.
3. Utføre dugnadsarbeid som: Medlem av fotballgruppa, medlem i foreldrelaget, trenar, oppmann, loddsal, anna arbeid.
4. Jobbe 2 dugnadsvakter på Lerum Cup (30.juni – 2.juli 2017) eller betale 1500 kr per påmeld spelar for fritak for dugnad på Lerum Cup.
PÅMELDING OG MEDLEMSSKAP
Påmeldinga for fotballsesongen 2017 starta i januar, og mange har meldt seg på ved å nytte det elektroniske påmeldingsskjemaet via heimesida vår. Dei som har meldt seg på elektronisk, skal også ha fått tilsendt e-post via MinIdrett for betaling av medlemsskap.
Dersom det er nokon som skal delta på fotball sesongen 2017, men som enno ikkje har meldt seg på via det elektroniske påmeldingsskjemaet, må gjere dette så snart som mogleg. Hugs at medlemsskap er ein føresetnad for å vere dekt av lagsforsikringa til idrettslaget dersom uhellet skulle vere ute! Lenkje til påmeldingskjemaet finn de her: pamelding-aldersfastlagd-fotball
UTSENDING AV FAKTURA FOR TRENINGSAVGIFT SESONGEN 2017
I løpet av dei neste to vekene, blir det sendt ut faktura for treningsavgift elektronisk via Min Idrett til alle som har meldt seg på sesongen 2017. Faktura blir sendt til registrert e-postadresse. Det er viktig at alle betalar treningsavgifta innan fristen som er sett på fakturaen. NB: Dersom det er nokon som ikkje har fått e-post om betaling av treningsavgift innan 19.april, kan de ta kontakt per e-post til erna.hamrum@sfj.no om dette.
DUGNAD UNDER LERUM CUP 30.JUNI-2.JULI 2017
Alle som er påmeldt fotballsesongen 2017, og som ikkje bidreg med annan dugnad, vil innan 17.april få tilsendt e-post med skjema for innmelding av dugnadsønskje under Lerum Cup. Evt kan det betalast kr.1500 per påmeld spelar for fritak for dugnad under Lerum Cup.
Det er viktig at alle melder tilbake om dugnadsønskje, ved å returnere skjemaet til erna.hamrum@sfj.no innan 30.april! NB: Dei som ikkje melder tilbake innan fristen, blir sett opp på dugnad der det er behov! Dugnadsskjemaet som alle får tilsendt per e-post, finn de også i lenkja nedanfor, i tilfelle de vil fylle ut og returnere skjemaet før de får tilsendt eigen e-post om dette!
Dugnadsønskje fotballsesongen 2017
Då håpar vi alle tek seg tid til å ordne medlemsskap, treningsavgift og melder inn dugnadsønskje innan fristane! Så satsar vi på nok ein flott fotballsesong for alle spelarar, fotballforeldre, dugnadsfolk og heile fotballfamilien på Hafslo!