Dommartalent frå Hafslo på Norway Cup 2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Norway Cup er verdas største fotballturnering for born og unge, og i år fann turneringa stad 29.juli til 5.august. Sjølv om Hafslo IL ikkje hadde med lag under Norway Cup 2017, var vi likevel godt representert med eitt av dei mange dommartalenta våre under årets turnering.

Elise Selland var ein av ni jenter og 18 gutar som vart utteken til Norcore #2, som er ein dommarskule i regi av NFF som blir arrangert under Norway Cup. Det er kretsane som sender inn forslag på unge dommarar som dei meiner kan ha eit talent dei er villige til å utvikle, og dei uttekne dommarane blir følgt godt opp under Norway Cup-veka med mange gode rettleiarar som er til stades under kvar kamp. Vi har vore så heldige å få Elise til å dele av sine erfaringar frå Norway Cup-veka.

Elise fortel at dei uttekne dommarane blei delt inn i ulike trioar gjennom veka, der kvar dommar dømte ca. tre kampar kvar dag. Det blei og filma tre kampar av ulike trioar kvar dag, som seinare vart gjennomgått i fellesskap for å kunne lære av kvarandre.

Elise fortel vidare at dommarane bur på ein felles skule gjennom heile veka, og at ein då får stifta vennskap for livet. NFF ser og legg merke til alt. Dei såg ikkje berre på korleis dommartalenta dømte ein kamp, dei la like mykje vekt på menneskelige ferdigheiter. Dette gjer at dommarane får utvikla seg stort både mentalt, teoretisk og på bana.

Utanom dommarkurset var det og 450 dommarar frå ulike land som var med på å leie kampane på Ekebergsletta, og banene rundt. Det betyr at alle som har lyst og ferdigheitar til å dømme under Norway Cup, kan få moglegheit til å gjere det. I tillegg til å dømme kampar, fortel Elise at alle som var på kurs fekk vere med på utruleg motiverende foredrag med f.eks tidlegare Champions League dommar Tom Henning Øvrebø, og fysiske treningsøkter med Gitte Madsen Kaarød. Elise fortel at Norway Cup-veka har vore både motiverande, lærerik og inspirerande.

   

Hafslo IL er svært stolte av at Elise vart utteken til dommarskulen under årets Norway Cup, og at ho fekk dømme fleire kampar. Vi har fleire dommartalent i klubben, og det er først og fremst Elise sjølv si forteneste at ho vart utteken til dommarskulen under årets Norway Cup. Ikkje minst er det flott for Elise at ho opplevde dommarskulen som motiverande, lærerik og inspirerande, men vi tykkjer også det er flott at ho deler av erfaringane sine. Vi håpar dette kan vere inspirerande og motiverande for dei andre dommartalenta vi har i klubben.

Vi ønskjer Elise lukke til med haustsesongen, og håpar ho fortset den gode utviklinga som dommar framover. Dommarane er ein viktig del av fotballen, og vi er utruleg glade og stolte for å ha Elise og fleire andre dommartalent i klubben vår!

Bildetekst frå øverst til nedst i artikkelen:

Bilde øverst: Frå v. Elise Selland, Ane Serine Dimmen, Mari Hellum Bjørnstad, rettleiar Geir Åge Holen.

Bilde nest øverst: Dommarane frå Sogn og Fjordane fotballkrets. Frå v. Jakob S. Søgnen, Sivert Orheim, Markus Nybø Bakke, Oda Bjelde, Elise Selland, Andreas Ytredal Akse, Asbjørn Håre.

Bilde nedst til venstre:. Alle deltakarar på kurset med rettleiarar og FIFA dommar Marte Sørø.

Bilde nedst til høgre:. Frå v. Elise Selland, NFF dommarsjef Terje Hauge, Oda Bjelde.