Langrennsgruppa avslutta ein strålande skisesong med trening og avslutning på Heggmyrane i kveld. 29 born deltok på avslutninga, som vart markert med pølser, vafler og saft i kafeen på Sogn Skisenter. I tillegg fekk alle dei 29 skistjernene velfortent premie for strålande innsats på treningsøkta i kveld, og gjennom heile sesongen!
STOR takk til alle deltakarane, Sogn Skisenter for tilrettelegging, men ikkje minst til langrennsgruppa og alle andre vaksne som har bidrege til ein strålande skisesong for dei framtidige skistjernene våre!