Heggmyri Rett Ned laurdag 17.mars 2018

Heggmyri Rett Ned 2018 vart arrangert i strålande vær laurdag 17.mars på Sogn Skisenter. 105 deltakarar deltok på årets fartsfest på Heggmyrane. Deltakarane, arrangørane og alle andre storkoste seg under årets arrangement som nok ein gong vart ein suksess.

     

Med vergudane på laget, var det både grilling, påskestemning og ikkje minst strålande innsats av alle. Resultata finn du i lenkja nedanfor.

RESULTAT HRN 2018

Heggmyri Rett Ned fekk også velfortent og flott omtale i lokalavisa!

Arrangementet er eit samarbeid mellom Sogn Skisenter, Luster Telemark, Syril Telemark og Hafslo Alpin. I tillegg til den flotte frivillege innsatsen frå mange, må det også rettast ein stor takk til alle sponsorane som gjer det mogleg å få gjennomført det tradisjonsrike arrangementet! Og ikkje minst for sponsing av flotte premiar!

STOR TAKK TIL ALLE SOM BIDROG UNDER ÅRETS HEGGMYRI RETT NED 2018, OG HÅPAR ALLE ÅRETS DELTAKARAR OG MANGE ANDRE KJEM ATTENDE NESTE ÅR!