Som tidlegare varsla på heimesida og på facebook-sida vår den 10.januar, vert det årsmøte for Hafslo idrettslag for 2018 torsdag 7.februar 2019 kl.19.30. Årsmøtet vert som vanleg halde på Eikum Hotell.
Det er ikkje kome inn saker til hovudstyret innan fristen 24.januar. På årsmøtet vert det derfor vanlege årsmøtesaker, i tillegg til at det skal vedtakast ny anleggsplan og ny handlingsplan for perioden 2019-2022.
Årsmelding for 2018 med saksliste for årsmøtet finn de i lenkja nedanfor. Vi håpar også å få trykt opp og gjort dokumenta tilgjengelege for medlemene på Spar Hafslo, Lustraporten (YX), Hafslo Bilsenter (Esso) og i Luster Sparebank sin filial på Hafslo innan utgangen av neste veke.
Oppdatert saksliste med aktuelle saksdokument, vert publisert på heimesida vår innan utgangen av neste veke.
Eventuelle spørsmål eller innspel til årsmeldinga kan rettast til leiar Ove Midtbø på telefon 41375655 eller e-post: ovemidtbo@hotmail.com .
Vi ønskjer medlemene vel møtt til årsmøte på Eikum Hotell torsdag 7.februar 2019 kl. 19.30.
Med venleg helsing styret i Hafslo IL