Det nærmar seg årsmøte for Hafslo IL torsdag 7.februar 2019 kl.19.30. Årsmøtet vert som vanleg halde på Eikum Hotell.
Som tidlegare varsla skal det vedtakast ny handlingsplan og ny anleggsplan for perioden 2019-2022 på årsmøtet neste torsdag. I tillegg vert det vanlege årsmøtesaker.
Styret sitt framlegg til handlingsplan, anleggsplan og fastsetjing av medlemskontigent frå 01.01.2020 finn de i lenkja nedanfor:
Styret sitt framlegg til Handlingsplan 2019-2022 finn de her:
Styret sitt framlegg til Anleggsplan 2019-2022 finn de her:
Som det går fram av sakslista ovanfor, foreslår styret ei mindre auke i medlemskontigenten med verknad frå 01.01.2020.
Når det gjeld Anleggsplan 2019-2022, legg styret fram eit framlegg til tilleggsvedtak om forskottering av lysanlegg på Hafslo stadion under føresetnad av at det vert gjeve idrettsfunksjonell godkjenning i kommunen.
Medlemer som ønskjer å vere med på å påverke vedtaka som skal fattast på årsmøtet, må møte opp neste torsdag 7.februar 2019 kl.1930 på Eikum Hotell. Vi oppmodar særskilt ungdomane i idrettslaget om å møte på årsmøtet, og seie si meining om framlegget til prioriteringane i ny Anleggsplan 2019-2022.
Årsmelding for 2018 finn de i lenkja nedanfor. Vi har hatt utfordringar med å få trykt opp og gjort dokumenta tilgjengelege for medlemene på Spar Hafslo, Lustraporten (YX), Hafslo Bilsenter (Esso) og i Luster Sparebank sin filial på Hafslo som tidlegare år. Men vi håpar å få til dette seinast måndag 4.februar!
Eventuelle spørsmål eller innspel kan rettast til leiar Ove Midtbø på telefon 41375655 eller e-post: ovemidtbo@hotmail.com .
Vi ønskjer medlemene vel møtt til årsmøte på Eikum Hotell torsdag 7.februar 2019 kl. 19.30.
Med venleg helsing styret i Hafslo IL