Årsmøtet for Hafslo IL for 2019 vart arrangert på Eikum Hotell torsdag 13.februar 2020. Styret vil takke alle dei 31 medlemene som møtte opp på årsmøtet, og for engasjementet i sakene som vart tekne opp.
Stor takk til Eikum Hotell som nok ein gong sørga for god tilrettelegging og matservering under årsmøtet vårt.
Årsmøtet vart gjennomført på vanleg måte. I tillegg til dei ordinære sakene, var det meldt inn fem saker som skulle handsamast på årsmøtet. Vedtaka i desse sakene finn de i eige punkt nedanfor.
Årsmelding 2019: Gjennomgangen av årsmeldingane for styret og dei ulike særgruppene syner at det er stor aktivitet i idrettslaget. Tusen takk til alle styremedlemene, særgruppene, trenarane, lagleiarane, foreldrene, støttespelarane våre og ikkje minst alle dei flotte utøvarane våre som gir alt gjennom året anten det er fotball, orientering, trim, hopp, alpint, langrenn, friidrett, tur, handball mm.
Sponsorane våre er viktige, og stor takk til hovudsponsoren vår Luster Sparebank, som gir oss gode økonomiske rammevilkår for aktivitet i idrettslaget. Takk også til Avery Dennison NTP og Intersport Sogndal for all støtte og samarbeid gjennom året. Hafslo IL er heldige som har slike støttespelarar!
Idrettslaget har eit godt samarbeid med Sogn Skisenter, Luster kommune og Hafslo barne- og ungdomsskule om å legge til rette for aktivitet i idrettslaget. Vi har gode treningsforhold i alpinbakken, i langrennsløypene og i gymsalen i Samfunnshuset.
Årsmeldinga for 2019 finn de under fana «Generell informasjon» på heimesida vår. På Facebook-sida vår finn de også ein bildevideo med bilete frå mange av dei ulike aktivitetane i Hafslo IL for 2019.
Rekneskapen for 2019 syner eit overskot på kr. 268.255, som er eit flott årsresultat. Med tanke på anlegga som etter planen skal realiserast dei neste åra, kjem dei oppsparte midlane godt med. Revisjonsmeldinga frå revisorane konkluderte med at det er god og ryddig økonomistyring i idrettslaget, og det vart ikkje funne avvik. Årsrekneskapen for 2019 vert lagt ut under fana «Generell informasjon» på heimesida vår.
Innsatskrus og andre utmerkingar: Det er mange som bidreg og legg ned ein stor innsats for idrettslaget gjennom året, og det er viktig å rette ein stor takk til alle. På årsmøtet er det likevel vanleg at nokre av medlemene får ei ekstra merksemd for innsatsen. Følgjande medlemer fekk ei ekstra merksemd for innsatsen for Hafslo Idrettslag i 2019 på årsmøtet:
Langrennsgruppa: Jorunn Hillestad Sekse
Hoppgruppa: Tom Idar Kvam
Fotballgruppa: Irene Haugen, Kurt, Norheim, Lars Olav Halleråker, Anne Therese Moen, Mette Johannessen og Kurt Heggestad
Orienteringsgruppa: Pål Iversen
Alpingruppa: Lars Olav Halleråker
Hoppgruppa: Jon Ove Lomheim (olympisk meister i kombinert Innsbruck 2020 15.januar 2020)
Lerum Cup – parkering: Kurt Lerum
Revisorarar: Gerd Westby Haugen og Hermann Odd Stein
Økonominemnd: Margrethe S. Røneid
Orientering og anleggsarbeid: Ove Oklevik
Trimgruppa: Bjarne Venjum
Hovudstyret: Erna Hamrum, Sandhya K. Holene, Geir Arne Kvam, Birthe Johanne Fredheim Finstad, Nina Cirotzki og Ove Midtbø
Gruppeleiarar: Trond Sekse (Langrenn), Per Birger Lomheim (Hopp), Runar Tørvi (Alpint), Anne Grete Lomheim (Barneidrett), Katrin L. Nes (Trim) og Norill Terese Norheim (Fotball)
Dei som ikkje var tilstades på årsmøtet, får utdelt innsatskrus og andre prisar seinare.
Handsaming av innkomne saker: Det var stort engasjement under handsaminga av innkomne saker. Dette gjaldt særleg sak 11b om avvikling av Hafslovatnet Rundt som turrenn frå 2021. Etter mange gode innspel og kommentarar til sakene, vart det gjort følgjande vedtak på årsmøtet:
11a: Informasjon om status for anleggsarbeid på Heggmyrane og Hafslo stadion
Vedtak:Styret i dialog med aktuelle særgrupper, får mandat til å gå i dialog med Sogn Skisenter for å utarbeide drifts- og vedlikehaldsavtalar for planlagde anlegg på Heggmyrane fram mot årsmøtet 2021.
11b: Avvikle Hafslovatnet Rundt som turrenn fom 2021
Vedtak: Utsetje avgjerda om å avvikle Hafslovatnet Rundt. Idrettslaget går ut med informasjon til medlemene, og utfordrar dei som er positive til å halde fram rennet om å melde seg til å sitte i ei arrangementsnemnd. Frist for tilbakemelding 1.april 2020. Styret får mandat til å ta endeleg avgjerd om å avvikle rennet i dialog med Langrennsgruppa dersom ei nemnd ikkje er på plass innan 1.mai 2020.
Sak 11c: Opprette Handballgruppe i Hafslo IL
Vedtak: Hafslo IL opprettar Handballgruppe i Hafslo IL. I 2020 dekkar idrettslaget grunnkostnadane med å kome i gong. Deltakarar på handball må betale medlemsskap og treningsavgift til Hafslo IL i tråd med gjeldande retningslinjer. Det må opprettast eit gruppestyre som set opp eit budsjett som må godkjennast av hovudstyret. I oppstartsåret 2020 må gruppestyret ha ein tett dialog med hovudstyret om å melde inn medlemer, aktivitetar, innkjøp av utstyr mm.
Sak 11d: Legge til rette for freeski-aktivitet i Hafslo IL
Vedtak: Hafslo IL er positive til å legge til rette for freeski som eit tilbod for born og unge på Hafslo. Aktiviteten vert inntil vidare lagt under Alpingruppa med eigen kontaktperson i styret. Alpingruppa og kontaktperson for freeski må ha ein tett dialog med hovudstyret om innmelding av medlemer, aktivitetar, innkjøp av utstyr mm. i oppstartsfasen. Dersom det er behov for økonomisk støtte, må det sendast inn søknad til hovudstyret om dette på vanleg måte. Aktiviteten vert fortløpande evaluert, og det vert vurdert om det er grunnlag for å opprette eiga særgruppe for freeski i Hafslo Idrettslag på framtidige årsmøte.
Sak 11e: Sportsplan for Fotballgruppa 2020-2022
Vedtak: Sportsplanen for Fotballgruppa for 2020-2022 som vart lagt fram for årsmøtet vert vedteken.
Vedteken Sportsplan for Fotballgruppa 2020-2022 finn de i lenkja nedanfor:
Val 2020: Idrettslaget har framleis ikkje lukkast å få på plass ei valnemnd, og styret og gruppeleiarane har også i år fungert som valnemnd i forkant av årsmøtet. Val av medlemer til styret, gruppene og dei andre nemndene vart i tråd med styret og gruppeleiarane si innstilling, og resultatet finn de i lenkja nedanfor:
Det er verdt å merke seg at alle i hovudstyret og leiarane i særgruppene tek attval i 2020. Dette syner at vi har engasjerte tillitsvalde og stabilitet i organisasjonen vår. Det er også flott at vi har fått på plass fleire nye tillitsvalde i mange av gruppene våre, og det blir spanande å følgje ny handballgruppe og korleis det går med etablering av freeski-aktiviteten framover.
Protokollen frå årsmøtet vert lagt ut på heimesida vår så snart vi har fått på plass alle underskrifter.
Styret vil avslutningsvis nok ein gong takke alle som møtte på årsmøtet for 2019, og ikkje minst vil vi takke alle medlemene, utøvarane og alle andre som har vore aktive og støtta Hafslo Idrettslag i 2019. Vi gler oss til nok eit flott og aktivt år for idrettslaget i 2020.