Økonomi skal ikkje vere eit hinder for deltaking i fritidsaktivitetar i Luster. Luster kommune har oppretta eit fritidsfond som skal bidra til at alle barn og unge i alderen 6-18 år kan vere med på fritidsaktivitetar. Hovudsponsoren vår, Luster Sparebank, er også med på å sponse ordninga.
Om økonomi er til hinder for at born og unge i Luster kommune kan få vere med på fritidsaktivitetar, kan leiaren eller trenaren for aktiviteten søkje om støtte på vegne av den det gjeld frå Luster Fritidsfond.
Meir informasjon om Luster Fritidsfond finn de i lenkja nedanfor.
http://www.luster.kommune.no/luster-fritidsfond.484209.nn.html
Dette er eit flott og viktig tiltak, og vi oppmodar alle om å gjere seg kjende med ordninga. Det er også viktig at alle bidreg til å spreie informasjonen om Luster Fritidsfond, slik at vi får med oss alle born og unge i Luster kommune som ønskjer å vere med på fritidsaktivitetar.