På idrettstinga i 2021 vart det gjort fleire lovendringar. Mellom anna vart det vedteke endringar med verknad frå 1.januar 2022, som har gjort det nødvendig å oppdatere lov for Hafslo Idrettslag.
Lov for Hafslo Idrettslag byggjer på den ordinære lovnorma for idrettslag som er forankra i Norges Idrettsforbund.
Styret handsama lov for Hafslo Idrettslag på styremøte 17.01.2022, og vedtok oppdatert lov i tråd med endringane som tok til å gjelde frå 1.januar 2022. Lenkje til oppdatert lov finn de nedanfor.
Lov for Hafslo Idrettslag med verknad frå 1.januar 2022
Dei viktigaste endringane kan oppsummerast slik:
- Kontrollutval – antal og varamedlemer vert fastsett i lova der minstekravet er leiar og minst eitt medlem
- Endra lovnorm er vesentleg forkorta med direkte lenkjer til NIF si lov, i stadenfor tekst i lova
Meir informasjon om lovendringane finn de på Norges Idrettsforbund sine nettsider.
Styret i Hafslo IL