Årsmøte Hafslo IL 17.mars 2022

Årsmøtet for Hafslo IL for 2021 vart gjennomført på tradisjonelt vis på Eikum Hotell torsdag 17.mars 2022. Styret vil takke alle som møtte og særskilt takk til kultursjefen i Luster kommune, Erling Bjørnetun, som deltok og heldt eit flott innlegg om prosessen kring søknader om spelemidlar til anlegg og viktigheita av å starte planlegging av anlegg i god tid. Stor takk også til Eikum Hotell v/Ståle Kjos-Wenjum som sørga for god tilrettelegging og matservering som alltid.

Årsmøtet handsama vanlege årsmøtesaker, i tillegg til fire andre innmelde saker. Nedanfor finn de lenkjer til endeleg årsmelding, årsrekneskap 2021 og protokoll frå årsmøtet.

Innsatskrus og andre utmerkingar

Det er mange som bidreg og legg ned ein stor innsats for idrettslaget gjennom året, og alle fortener ein stor takk for dette. I år var det også mange som gjekk ut av styret og ulike grupper, og mange fekk innsatskrus og merksemd på årets årsmøte.

Vi vil særskilt nemne nokre av dei som fekk innsatskrus og anna merksemd for innsatsen dei har lagt ned for Hafslo IL, både i 2021 og i mange år før dette.

Erna Hamrum har bidrege med frivilleg innsats for Hafslo IL i nesten heile sitt vaksne liv. Erna er tidlegare utnemnd som æresmedlem i Hafslo IL for innsatsen, og vi er takknemleg for at ho held fram i styret i 2022. Erna har likevel valgt å gå ut av Foreldrelaget for aldersfastlagd fotball som vart skipa i 1984 (og som vart avvikla på årsmøtet), og ho går ut av Lerum Cup-nemnda. Dette har vore varsla, då Erna har mange andre meiningsfylte ting å fylle fritida si med for tida. På årsmøtet fekk Erna velfortent innsatskrus, blomar og gåvekort som takk for innsatsen. Vi er utruleg takknemnlege for innsatsen Erna har lagt ned så langt, og vi er veldig glade for at ho held fram i styret.

Birger Moene fekk Årets pris på årsmøtet for den flotte innsatsen han har bidrege med i ei årrekke på anlegget vårt i Moane. Birger har sørga for utruleg flotte grasbaner i Moane, og har sørga for flotte trenings- og speleforhold på gras for fotball-laga våre gjennom mange år. Birger har lagt ned ein utruleg stor dugnadsinnsats for idrettslaget vårt, og vi er stolte av at han held fram som leiar av stadionstyret i 2022. Då var det på sin plass at Birger fekk klubbgensar med «Stadionsjef Birger» på ryggen, treningsbukse, innsatskrus, blomar og gåvekort som takk for innsatsen. Birger har også ein ståande invitasjon til bubiltur saman med leiar i Hafslo IL komande sommar, då det sikkert er lenge sidan Birger har hatt sommarferie. Dersom det blir bubiltur, kjem denne til å bli dekka på heimesida og Facebook-sida vår. Vi er uansett utruleg takknemnlege for innsatsen Birger har lagt ned så langt, og vi er veldig glade for at han held fram som leiar av stadionstyret i 2022.

Katrin Lægreid Nes har vore leiar av Trimgruppa vårsidan 2016. Katrinhar sørga for at mange medlemer held seg aktive gjennom året på dei flotte turløypene vi har i nærområdet og som deltek på Trimsesongen og Trimmian. Katrin har starta opp det utruleg flotte trimtilbodet for personar med nedsett funkjsonevne, Idrett for Alle, og har rekruttert mange flotte ungdomar som instruktørar undervegs. Dette er vi veldig stolte av. Katrin har også tatt initiativ til samarbeid med andre særgrupper om aktivitetar som orientering mm., og ikkje minst skaffa sti-fadrar til «Stifadder-prosjektet» som sørger for flotte trim- og turmoglegheiter. Katrin har også sørga for gjennomføring av idrettsmerket kvart einaste år for dei som ønskjer det, og det er sikkert mykje anna som kunne vore nemnt. Katrin går no av som leiar for Trimgruppa, men held fram som gruppemedlem. Det er vi veldig takknemlege for, og Katrin fekk velfortent merksemd i form av innsatskrus, blomar og gåvekort på årsmøtet.

Jon Ove Lomheim er også ei av ildsjelene gjennom ein mannsalder i Hafslo IL og er tidlegare utnemnd som æresmedlem i idrettslaget. Jon Ove held fram som leiar i Hoppgruppa, og på årsmøtet fekk Jon Ove velfortent innsatskrus og blomar for den ekstraordinære innsatsen han har lagt ned for jobben med å få realisert anlegg for hopp og langrenn ved Sogn Skisenter i 2021. Hopp K10 og K19 er nesten ferdigstilt i 2021, og søknad om spelemidlar for rulleskiløype ved Sogn Skisenter er sendt inn. Utan innsatsen og engasjementet til Jon Ove, hadde vi ikkje kome så langt med å få realisert desse anlegga som vi er. Vi er takknemnlege for innsatsen Jon Ove har lagt ned så langt, og er veldig glade for at han held fram som leiar av Hoppgrupa også i 2022.

Norill Terese Norheim har vore leiar av Fotballgruppa (den største særgruppa vår) sidan oktober 2019. Norill Terese har gjort ein kjempeflott jobb som leiar av Fotballgruppa, og skal ha særleg ros for innsatsen ho har lagt ned for dommarrekrutteringa i idrettslaget vårt. Norill Terese held fram som leiar av Fotballgruppa i 2022, og på jubileumskretstinget til NFF Sogn og Fjordane 27.november 2021, vart Norill Terese kåra til årets unge leiar i 2021! Dette er vi utruleg stolte av, og på årsmøtet fekk Norill Terese velfortent innsatskrus, blomar og gåvekort som takk for innsatsen.

Takk til alle som har bidrege for Hafslo IL sesongen 2021, og nedanfor følgjer ei fullstendig oversikt over alle som fekk innsatskrus og merksemd for innsatsen i 2021 på årets årsmøte. Det er viktig å understreke at alle som bidreg gjer ein flott innsats, og det er sikkert mange fleire som burde fått innsatskrus for innsatsen.

HOVUDSTYRET:

Kari Merete Henjum, Innsatskrus og blomar (Går ut av styret, styremedlem sidan 2016)

Geir Arne Kvam, Innsatskrus og blomar (Går ut av styret, styremedlem sidan 2017 – først vara, deretter styremedlem frå 2018)

Nina Cirotzki, Innsatskrus og blomar (Går ut av styret, 1.varamedlem sidan 2018)

FOTBALLGRUPPA:

Geir Arne Kvam, Innsatskrus som dommaransvarleg

Bjørn Arild Grindhaug, Innsatskrus som trenar

Ann Kristin Torgersen, Innsatskrus som Miniputt-ansvarleg

Linda Kristin Brunborg, Innsatskrus som trenar

Attestar til ungdomsinstruktørane som hjalp til på Tine Fotballskule Hafslo 2021.

TRIMGRUPPA:

Audhild Moe, Innsatskrus (Går ut av gruppa)

Grete Marie S. Solvi, Innsatskrus (Går ut av gruppa)

Adrianne Kvam, Innsatskrus pga innsatsen med Georeg

Katrin L. Nes, Innsatskrus, blomar og gåvekort frå Intersport (Går av som leiar. Har vore leiar sidan 2016. Held fram som gruppemedlem)

Sedrik Norheim og Kurt Norheim: T-skjorter Trimmiankongar på Hafslo + treningsbukser. Fullførte alle trimpostane på ein dag.

LANGRENNSGRUPPA:

Elise Landøy, Innsatskrus og blomar (Går av som leiar og ut av gruppa. Leiar sidan 2021, gruppemedlem sidan 2019)

Trond Sekse, Innsatskrus (Går ut av gruppa)

BARNEIDRETTSGRUPPA:

Ann-Kristin Gjerde, Innsatskrus

Terje Brunborg, Innsatskrus

Janne Kjørlaug Grønbech, Innsatskrus

ALPINGRUPPA:

Ellen Sophie Wangensteen, Innsatskrus og blomar (Går av som leiar og ut av gruppa. Leiar sidan 2021, medlem og freeski-kontakt sidan 2020)       

Lars Olav Halleråker, Innsatskrus som trenar

LERUM-CUP NEMND:

Erna Hamrum, Innsatskrus (Går ut av nemnda)

Ann Elisbeth Skjerven, Innsatskrus (Går ut av nemnda)

Britt Brugrand, Innsatskrus (Går ut av nemnda)

UNGDOMSKONTAKTAR:

Iselin L. Brusegard, Innsatskrus og attest (Går av som ungdomskontakt)

Hallgeir Hillestad, Innsatskrus og attest (Går av som ungdomskontakt)

FORELDRELAGET FOR ALDERSFASTLAGD FOTBALL:

Erna Hamrum, Blomar og gåvekort frå Intersport (Går ut av foreldrelaget etter innsats i gruppa sidan 1984).

MARKNADSNEMND:

Thomas Skjerven, Innsatskrus (går ut av nemnda)

Margrete S. Røneid, Innsatskrus (held fram i nemnda, men får innsatskrus for innsats i mange år)

Ann Elisbeth Skjerven, Innsatskrus (held fram i nemnda, men får innsatskrus for innsatsen)

KONTROLLUTVAL:

Gerd Westby, Blomar som takk for innsatsen

Hermann Odd Stein, Blomar som takk for innsatsen

SÆRSKILT MERKSEMD:

Norill Terese Norheim, Innsatskrus, blomar og gåvekort frå Intersport (Kåra til Årets unge leiar på jubileumskrinstinget til NFF, har gjort ein god jobb som leiar av Fotballgruppa og held fram som leiar)

Jon Ove Lomheim, Innsatskrus og blomar (Har gjort ein ekstraordinær innsats for realisering av anlegg for hopp og langrenn ved Sogn Skisenter)

Birger Moene – Årets pris, Innsatskrus, blomar, gensar med stadionsjef på ryggen, treningsbukse og gåvekort frå Intersport.

Dei som ikkje var tilstades, har allereie fått eller vil få utdelt innsatskrus og anna merksemd i løpet av dei næraste dagane.

Styret vil takke alle sponsorane våre, medlemene, tillitsvalde, utøvarar, trenarar og alle andre som har vore aktive og støtta Hafslo Idrettslag i 2021. Vi ser fram til flott og aktivt år for idrettslaget i 2022 utan koronarestriksjonar.

Hovudstyret i Hafslo IL