Skicup ved Sogn Skisenter onsdagar frå kl.1715

Det er flotte forhold ved Sogn Skisenter for tida, og hugs at det er vanleg skicup på onsdagane fram til påske. Det betyr følgjande onsdagar: 16/3, 23/3,30/3.

Det vert lagt til rette for litt hopp og skileik for dei som møter desse onsdagane.

Alle registrerer seg elektronisk, sjå meir informasjon om dette i lenkja nedanfor:

SKICUP 2022

Onsdag 6.april vert det avslutning med grilling og premieutdeling for alle som har delteke på årets skicup!

Følg med på facebook-sida vår for påmelding og meir informasjon når det nærmar seg.

Håpar mange nyttar høvet til å teste dei flotte skiforholda ved Sogn Skisenter på tampen av sesongen og blir med på skicupen 2022!