Bli med på Skicup 2022

Barneidrettsgruppa startar no opp den tradisjonsrike skicupen 2022. Grunna korona-situasjonen vert det ikkje arrangert samlingar på Heggmyrane dei første onsdagane framover.

No i byrjinga vert det derfor lagt opp til elektronisk påmelding, og elektronisk registrering av turar som i fjor, sjå lenkje til skjema nedanfor. Det er opp til kvar enkelt deltakar/familie når skituren eller skiturane vert gjennomført i løpet av veka. Alle som melder seg på, og deretter registrerer skiturar elektronisk, får premie. De kan registrere fleire skiturar i veka.

NB: Om du er mellom 6-12 år, kan du registrere all skiaktivitet sesongen 2022 som ein del av skicupen. Det vil seie både langrennstur, tur i alpinbakken og skihopp! Følg med på heimesida og Facebook-sida vår for aktivitetar framover.

PÅMELDING OG REGISTRERING AV TURAR/AKTIVITET:

For å delta i skicupen må ein vera medlem av Hafslo Idrettslag, sjå heimesida for meir informasjon https://hafslo-il.no/2022/01/medlemsskap-hafslo-il-2022/. Det er ikkje deltakaravgift i tillegg i år, så alle som er medlemer, melder seg på skicupen og registrerer turar får premie ved slutten av skisesongen. Vi håpar sjølvsagt det vert mogleg med felles avslutning av skisesongen 2022 som tidlegare år.

Alle som ønskjer å delta på skicupen i regi av Barneidrettsgruppa vinteren 2022, melder seg på i dette skjemaet:

PÅMELDINGSSKJEMA SKICUP 2022

Alle som melder seg på, kan deretter registrere alle skiturar som vert gjennomført på Heggmyrane, eller andre stader på Hafslo, i eige registreringsskjema:

REGISTRERINGSSKJEMA SKICUP 2022

NB: Hugs å sende inn registreringsskjemaet etter kvar tur, slik at turen vert registrert.

Det vert etterkvart hengt opp plakatar med QR-kodar i løypene på Heggmyrane, og evt. langs Hafslovatnet om tilhøva tillet det, der de kan enkelt skanne koden med mobilen og kome rett inn i registreringsskjemaet.

Barneidrettsgruppa vil fortløpande vurdere om det kan gjennomførast arrangement som vanleg på onsdagane etterkvart. Følg med på heimesida og Facebook-sida til Hafslo IL for informasjon om dette.

Då er det berre å finne fram skia, ut på tur og registrere skituren. Vi håpar mange born og unge blir med på skicupen 2022, og at vi etterkvart kan samlast som vanleg og gå på tur i lag på Heggmyrane på onsdagane om ikkje lenge!

GOD SKITUR!