Oppstart Hoppleik ved Sogn Skisenter torsdag 13.januar

Hoppgruppa planlegg oppstart av hoppleik ved Sogn Skisenter torsdag 13.januar frå kl.1815 ved Banktrekket. Ved oppstart vert det laga bakkar for hopp 2, 5 og 10 meter. Vidare vert det laga hopp for om lag 20 meter lengde.

Rettleiarar vert til stades frå kl. 18.15 på torsdagar og laurdagar frå kl 11.00 framover. Ekstra dagar vert eventuelt sett opp etter interesse og når vertilhøva gjer det mogleg innanfor Sogn Skisenter sine opningstider.

Hafslo IL har gratis utlån av korte hoppski med NN-binding (for langrennsko), 

Luster Sparebank og Luster Energiverk har sponsa ti nye skipar før årets sesong, og det set vi utruleg stor pris på.

Hafslo IL tilbyr også gratis utlån av hopputstyr (med hoppsko) når ein meistrar det. 

Meir informasjon får du i bakken og følg med på heimesida og Facebook-sida vår for informasjon og oppdateringar. Om nokon har spørsmål, kan de kontakte Jon Ove på telefon 91721076.

Deltaking på hoppleik krev medlemsskap i Hafslo Idrettslag, sjå heimesida for meir informasjon https://hafslo-il.no/2022/01/medlemsskap-hafslo-il-2022/. Vi ønskjer også at alle som deltek på hoppaktivitet, melder seg på aktiviteten via elektronisk skjema på heimesida vår: https://hafslo-il.no/2022/01/pamelding-til-aktivitetar-i-regi-av-hafslo-il-sesongen-2022/

Vi håpar mange nyttar høvet til å teste sine ferdigheiter i hoppbakken framover! Om du er mellom 6-12 år (barneidrettsalder), kan du registrere hoppaktivitet som ein del av skicupen 2022. Meir informasjon om påmelding og registrering av turar og aktivitet finn du på heimesida vår: https://hafslo-il.no/2022/01/pamelding-til-aktivitetar-i-regi-av-hafslo-il-sesongen-2022/