Like før jul i fjor fekk vi ei gladmelding frå hovudsponsoren vår Luster Sparebank om at dei ville sponse medlemsskap for born og unge i idrettslaga dei er hovudsponsor for i 2023! Gåva har sørga for gratis medlemsskap for born og unge 0-19 år i Hafslo IL i 2023. No når det nærmar seg årsslutt, viser det seg at vi har eit restbeløp av den flotte gåva. Etter dialog med Luster Sparebank har styret vedteke at dette restbeløpet av gåva skal gå til gratis medlemsskap og gratis treningsavgift i Hafslo IL for born og unge 0-19 år i 2024!
Viktig praktisk informasjon for sesongen 2024:
Sjølv om medlemskap og treningsavgift vert gratis for born og unge i alderen 0-19 år i 2024, er det likevel viktig at alle blir registrert som medlemer i medlemsregisteret vårt. Alle som ønskjer å delta på aktivitetar i Hafslo IL i 2024 må derfor melde seg på som vanleg via eigne påmeldingsskjema for dette. Påmeldingsskjema finn de på heimesida vår: Påmelding til fotball og andre aktivitetar sesongen 2024
I løpet av januar 2024 vert det sendt ut faktura for medlemsskap for 2024 for alle påmelde frå medlemsregisteret vårt. Alle registrerte medlemer per 31.12.2023 får tilsendt faktura. Dette gjeld også born og unge som er registrert med medlemsskap i 2023 og som skal ha gratis medlemsskap i 2024. Dette er automatisk utsende faktura frå medlemsregisteret ved registrering av medlemskapen, og vil vere på kr. 0,- for 2024.
For dykk som er registrert med familiemedlemsskap, vil de få tilsendt ein faktura med «restbeløp» for 2024, der det er gjort frådrag for born og unge med gratis medlemsskap. Denne må betalast dersom foreldre og eldre søsken (frå 20 år) framleis ønskjer å vere medlemer. Vi håpar sjølvsagt at både born og unge, eldre søsken frå 20 år og foreldre framleis ønskjer å vere medlemer av Hafslo IL også i 2024.
Det vert ikkje sendt ut faktura for treningsavgift for born og unge 0-19 år i 2024, då denne er sponsa av gåva vi fekk i desember 2022 frå Luster Sparebank. For vaksne frå 20 år og oppover finn de meir informasjon om treningsavgift her: https://hafslo-il.no/treningsavgifter/ Endeleg storleik på treningsavgifta for 2024 vert fastsett av utvida styre på grunnlag av endeleg rekneskap 2023 og budsjettarbeidet for 2024. Men det er ikkje grunn til å tru at det vert store endringar frå 2023.
Faktura for treningsavgift vert sendt ut til alle registrerte medlemer frå 20 år og oppover seinare.
Hafslo IL ønskjer både eksisterande og nye medlemer velkomne som medlemer i 2024, og skal gjere vårt beste for å legge til rette for mange flotte opplevingar og aktivitetar for medlemene våre også i året som kjem! Takk igjen til Luster Sparebank for gåva vi fekk i desember 2022, og som viser seg å kome dei yngre medlemene våre til gode også i 2024.
Dersom det er nokon som har spørsmål om medlemsskap og treningsavgift 2024, kan de sende e-post til leiar@hafslo-il.no eller direkte til ansvarleg for medlemsregisteret vårt, Erna Hamrum per e-post til erna.hamrum@gmail.com .
Vi ønskjer alle våre medlemer ei riktig flott førjulstid vidare!
Helsing Styret i Hafslo IL