HAUSTMARKNAD 2023 – TUSEN TAKK TIL ALLE SOM STØTTA OSS

Hafslo IL arrangerte den tradisjonelle marknadshelga laurdag 4. og søndag 5.november 2023.

Laurdagen var det stand på Spar Hafslo med lynlotteri, tippekonkurransar og loddsal. I forkant var det også loddsal og stand ved SPAR Hafslo laurdag 28.oktober.

Søndag 5.november var det tradisjonell Haustmarknad i Samfunnsbygget på Hafslo frå kl.1530. Marknadssøndagen starta med utdeling av velfortente premiar til dei spreke trimmarane som deltok i Hafslotrimmen 2023.

Etter utdeling av premiar for Hafslotrimmen, vart det gjennomført seks åresal, lykkehjul og tippekonkurransar. Haustmarknaden vart avslutta med trekning av 43 vinnarar på loddbøkene.

Gratulerer til alle vinnarane på loddbøkene, i lynlotteriet på laurdagen, tippekonkurransane og på lykkehjulet. Oversikt over alle vinnarane på loddbøkene finn de i lenkja nedanfor:

Alle vinnarane som ikkje var tilstades under trekninga i Samfunnsbygget på Hafslo søndag 5.november vert kontakta, og vil få overlevert gevinstane ved høve.

STOR takk til alle som støtta arrangementet vårt med sponsing av gevinstar. Utan den flotte støtta, hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføre Haustmarknaden. Ekstra takk til hovudsponsorane våre Luster Sparebank, Intersport Sogndal og NTP Avery Dennison for bidraga gjennom året og under årets Haustmarknad. Nedanfor følgjer ei oversikt over alle supre bedriftene og bidragsytarar som har støtta oss i tillegg til hovudsponsorane under årets Haustmarknad (i tilfeldig rekkefølgje):

Sogn Skisenter, Luster Energiverk, Walaker Hotell, Hillestad Traktorservice, GT Bil AS, Lustraporten/YT Extra/YX Hafslo, Stolpen Butikk (Esso Hafslo Bilsenter), Toyota Sogn AS, Frydenbø/Berge & Co, Sogn Synssenter, Fjordglas AS, Ove Oklevik, SPAR Hafslo, Lux House, Coop Byggmix Gaupne, Bestebakken, Bohus Sogn, Magnar Høyum, Kvam Guiding og Service, PGP AS, NVRLND, Felleskjøpet Sogndal, Apotek 1 Sjøkanten, Sy og Strikkebui, Brødrene Lomheim AS, Coop Extra Sjøkanten, Josvanger Elektro, Leirdal Foto, Lerum AS, NFF Sogn og Fjordane, Circle K Sogndal, Europris Sogndal, Luster Tannklinikk, Familien Hår og Skjønnheit, Lillys Frisørsalong, Eilert & Edvin Holme AS, Arne Kvalen, IF Forsikring Sogndal, Sogndal Fotball, Trygve Espeland Murarforretning AS, Øvrebø Fargehandel, Vite Meir, Statkraft, LMI, Luster Trelastlager, Bremerfjøsen, Sport Outlet Sogndal, Quality Sogndal Hotell, Rema 1000 Sogndal, Elkjøp Sogn, Luster Treningssenter AS, Møbelringen, Holen Installasjon, Bil og Dekkservice AS, Luster Nærradio, Hafslovatnet  Grunneigarlag, Apotek 1 Luster, Pyramiden Blomster, Lustrabadet, Iteam, Nortura Sogndal, Digital Etikett, Hofslundsengen Trafikkskule, RINGO Sogndal

NB: Vi håpar vi har fått med alle bedrifter og personar som har støtta oss i oversikta ovanfor. Om nokon skulle mangle ber vi om at de kontaktar leiar Ove Midtbø slik at vi kan rette opp i dette.

Takk også til alle som har støtta Hafslo IL under årets Haustmarknad ved kjøp av lodd i forkant, møtte på standen på SPAR Hafslo laurdag 28.oktober og laurdag 4.november, og til alle dykk som møtte i Samfunnsbygget på Hafslo søndag 5.november.

Vi vil også takke alle særgruppene, tillitsvalde, foreldre, utøvarar og alle andre som har bidrege med dugnad i forkant, under og i etterkant av Hafslo IL sin Haustmarknad 2023! Årets Haustmarknad har gitt oss flotte inntekter som vi kan bruke til vidare drift, sosiale møtestader og organisering av varierte aktivitetar for medlemene våre framover.

Audmjuk helsing frå Marknadsnemnda i Hafslo IL.