Dugnadslister kiosk, Fair Play-vakt og parkering – Lerum Cup 2023

Vi håpar alle er klare for å bidra til tidenes Lerum Cup i Moane. Takk til alle som stiller opp på aktivitetar i Hafslo IL, og til alle som har meldt inn ønskje om dugnad i samband med Lerum Cup 2023. Dette er eit viktig arrangement som gir gode inntekter til Hafslo IL og som gjer at vi kan oppretthalde stor aktivitet til låge utgifter framover!

Det er alltid ein kabal som må gå opp når det gjeld dugnadsinnsats, og det er ikkje mogleg å få sett opp vakter som passar med alle sine ønskjer. Men vi håpar at alle som er sett opp på kiosk, Fair Play-vakter og parkering møter med godt humør og gjer sitt beste.

NB: Om det er nokon som ikkje kan stille på oppsette vakter, er det viktig at de melder i frå så snart som mogleg på følgjande måte:

Kiosk eller Fair Play-vakt: Tonje Grønstad, tlf. 95764496

Parkering: Ove Midtbø, tlf. 41375655

Det kan bli endringar, og det vert oppretta ei eiga FB-gruppe for informasjon til dugnadsfolka framover. Følg også med på FB-sida vår.

Helsing Lerum Cup-nemnda Hafslo IL 2023