Treningsavgift/deltakaravgift fotballsesongen 2023

I desse dagar blir det sendt ut faktura for treningsavgift/deltakaravgift elektronisk via medlemsregisteret til alle som har meldt seg på fotballsesongen 2023.

NB: Det er berre ei treningsavgift uavhengig kor mange aktivitetar ein er med på. Det betyr at dei som allereie har betalt treningsavgift for deltaking på skiaktivitetar, ikkje får tilsendt ny faktura.

Faktura blir sendt til registrert e-postadresse påmelding, og det er viktig at alle betalar treningsavgifta innan fristen som er sett på fakturaen. E-posten kjem frå leiar@hafslo-il.no.

Dersom det er nokon som ikkje får e-post om betaling av treningsavgift, eller ikkje får til å betale denne via minidrett.no, kan de ta kontakt med medlemsansvarleg Erna Hamrum på e-post om dette til erna.hamrum@gmail.com.

Ver merksam på at e-post som blir sendt ut frå medlemssystemet, kan havne i søppel-innboksen. Hugs derfor å sjekke søppelinnboksen om du ikkje får e-post om treningsavgift i løpet av dei næraste dagane.

Satsar for treningsavgift/deltakaravgift, sesongen 2023

Fødd 2018 – 2023, 0-5 år, kr 0

Fødd 2014 – 2017, 6 – 9 år, kr 250

Fødd 2009 – 2013, 10-14 år, kr 500

Fødd 2004 – 2008, 15 -19 år, kr 750

Senior fotball herrer, kr 1500 (frå 20 år og oppover)

Senior fotball damer, kr 1000 

Senioridrett (ved deltaking i konkurranse utanom fotball),  kr 1000

Meir informasjon og retningslinjene for treningsavgift/deltakaravgift i Hafslo IL finn de på heimesida vår via denne lenkja:

Treningsavgift/deltakaravgift Hafslo IL

Hovudstyret i Hafslo IL