No er 43 Hafslo-bygdingar samla i Søndervig i Danmark, og er klare for å heie på Hafslo G2002 i Vildbjerg Cup 2015 som startar i morgon! I kveld har vi hatt samling med felles middag for alle i Søndervig, og stemninga blant spelarar, trenarar og familemedlemer er svært god!
I morgon startar turneringa med felles innmarsj i Vildbjerg kl.1315! Hafslo G2002 spelar første kamp i gruppespelet mot Vikingur frå Færøyane kl.1605! Og deretter to gruppespelkampar til mot danske lag på fredag. Dette blir spanande!
Vi ønskjer trenar Tommy og spelarane Pål, Kjartan, Vegard, Simon A., Sondre, Harald, Per Michael, Jonas, Simon S., Markus og Isak lukke til i morgon! Og vi kjem tilbake med oppdateringar både på heimesida og Facebook i dagane som kjem! HEIA HAFSLO!