Stor dag, trass tap i åpningskampen i Vildbjerg Cup 2015

IMG_8501IMG_5675IMG_5699

Det vart ein stor dag for spelarar, trenar, foreldre og søsken til Hafslo G2002 under åpninga av Vidlbjerg Cup 2015 i går!  740 lag og fleire tusen spelarar lagde ei flott ramme under innmarsjen!

Hafslo G2002 møtte Vikingur frå Færøyane i første kamp, og tapte dessverre 1-5. Men gutane var godt med mot slutten av kampen, og kjempa inn kampens siste mål 5 minuttar før slutt.

I dag ventar to nye kampar mot to danske lag, BFC Lundegården 1 kl.0910 og Hornum IF kl.15. Så får vi sjå om det blir A- eller B-sluttspel i morgon!

HEIA HAFSLO G2002!