Cup-eventyr for Hafslo G2002 i Danmark

Etter ein tøff start på turneringa, har Hafslo G2002-gutane verkeleg vakna til liv i B-sluttspelet! I dag har vore ein fantastisk dag i Vildbjerg, der gutane først slo Sola FK 2-1 i 1/8-dels finalen, og slo deretter ut Mastra IL i kvartfinalen (etter 1-1 ved full tid og flest hjørnespark). Det betyr semifinale i B-sluttspelet i morgon tidleg kl.0910, der Hafslo G2002 møter FK Autara/Kedainiai frå Litauen i semifinalen i B-sluttspelet! Ein eventuell finale blir kl.1130 mot Vardeneset BK 2 eller Vikingur frå Færøyane!

Med innsatsen gutane har vist dei siste kampane, kan dette gå heile vegen! Uansett har det vore fantastiske dagar i Danmark og Hafslo G2002 har prestert over evne! Vi håpar sjølvsagt gutane får med seg pokal heim til Hafslo!