Trimgruppa vidareformidlar invitasjon om idrettsdag frå Sogn og Fjordane idrettskrins.
Bli med på ein grenselaus idrettsdag!
Det inviterast til idrettsdag for deltakarar med utviklingshemming med høve for utprøving av ein rekkje ulike idrettar. Bli med – dette blir grenselaust moro!
Grenselause idrettsdagar blir arrangert i heile landet og set fokus på idrettsglede og meistringsopplevingar. Målgruppa for idrettsdagen er deltakarar med utviklingshemming i Sogn og Fjordane – uansett alder som ønskjer seg aktivitetstilbod på fritida.
Det som gjer dagen mogleg
Grenselaus idrettsdag er eit samarbeid mellom Norges idrettsforbund, Sogn og Fjordane idrettskrins og Flora VGS. I tillegg er det idrettslag som stiller opp med utstyr og flinke instruktørar.
Arrangementet er gratis, men transport må ein ordne sjølv! Alle deltakane må ha med følgje som kjenner deltakarane godt!
For påmelding og informasjon kontakt:
Ingrid Narum Ingrid.narum@idrettsforbundet.no Tlf: 91 80 06 11
Påmelding innan 1.november
Førde Dato: 14. november 2015 Tid: 12.00-14.30 Stad: Førdehuset, Førde