Årsmøte for Hafslo IL – torsdag 13.februar 2025

Det vert årsmøte for Hafslo Idrettslag torsdag 13.februar 2025 kl.19. Årsmøtet vert som vanleg halde på Eikum Hotell. Det vert vanlege årsmøtesaker. Andre saker som medlemene vil ha handsama på årsmøtet må vera kome styret i hende seinast to veker før årsmøtet, det vil seie innan torsdag 30.januar 2025. Saker Les vidare Årsmøte for Hafslo IL – torsdag 13.februar 2025

Godt oppmøte og god stemning på årets Haustmarknad søndag 3.november 2024

25.november 2024 fyller Hafslo IL 90 år. Førre søndag 3.november arrangerte Hafslo IL årets Haustmarknad i Samfunnsbygget på Hafslo. I forkant av arrangementet vart vi kontakta av Stolpen Butikk (Esso Hafslo), som ønskte å sponse pizza til alle som møtte på Haustmarknaden vår i jubileumsåret 2024 der vi fyller 90 Les vidare Godt oppmøte og god stemning på årets Haustmarknad søndag 3.november 2024

Haustmarknad og markering av 90-års jubileum søndag 3.november 2024

Søndag 3.november 2024 skal Hafslo IL arrangere den årlege Haustmarknaden i Samfunnsbygget på Hafslo frå kl.15. I november fyller Hafslo IL 90 år, noko som skal markerast på marknadssøndagen 3.november. Det var derfor utruleg kjekt at vi vart kontakta av Stolpen Butikk (Esso Hafslo) og fekk opplyst at dei ville Les vidare Haustmarknad og markering av 90-års jubileum søndag 3.november 2024

KLUBBVEKE HOS INTERSPORT SOGNDAL 18.-23.MARS 2024

Fotballsesongen nærmar seg. I neste veke (18.-23.mars) er det klubbveke hos klubbsponsoren vår Intersport Sogndal. Då kan du sikre deg klede frå klubbkolleksjonen og anna naudsynt utstyr til fotballsesongen 2024 til ekstra gode prisar! Namn og initialar på dei ulike klubbprodukta er også mogleg å få ordna på Intersport Sogndal Les vidare KLUBBVEKE HOS INTERSPORT SOGNDAL 18.-23.MARS 2024

Årsmøtet for Hafslo IL torsdag 29.februar 2024

Årsmøtet for Hafslo IL for 2023 vart avvikla på Eikum Hotell torsdag 29.februar 2024. Styret vil takke alle som møtte og særskilt takk til Eikum Hotell som sørga for god tilrettelegging og matservering som alltid. Årsmøtet handsama vanlege årsmøtesaker, i tillegg til tre innmelde saker. Nedanfor finn de lenkjer til Les vidare Årsmøtet for Hafslo IL torsdag 29.februar 2024

Årsmøte for Hafslo IL torsdag 29.februar 2024 – oppdaterte saksdokument

Det vert årsmøte for Hafslo Idrettslag for 2023 torsdag 29.februar 2024 kl.19. Årsmøtet vert som vanleg halde på Eikum Hotell. Det vert vanlege årsmøtesaker. Saksliste med innkomne saker og årsmelding for 2023 finn de i lenkjene nedanfor: Saksframlegg innkomne saker per 22.02.2024: Saksdokument til innkomne saker som skal handsamast på Les vidare Årsmøte for Hafslo IL torsdag 29.februar 2024 – oppdaterte saksdokument