Kampanjepris på Hafslo IL dunjakke fram til 25.februar 2019

Vår nye klubbsponsor, Intersport Sogndal, har gitt oss ein ekstra god klubbpris på Umbro – Core Down Jacket (sjå bilete).

Hafslo IL ønskjer derfor å gje medlemene tilbod om å bestille denne dunjakka til kampanjepris i ein begrensa periode FRAM TIL OG MED 25.FEBRUAR KL.20.

Jakka blir levert med klubblogo, og med logoar frå samarbeidspartnerane våre Luster Sparebank, Intersport Sogndal og NTP Avery Dennison.

Prisar utan namn på rygg:

Senior (XS-S-M-L-XL-XXL-3XL) kr. 850 (veil pris er kr.1299)
Junior (116-128-140-152-164) kr.700( veil pris er kr. 1099)

Du kan også bestille namn med gule bokstavar på rygg, og det blir ein ekstra kostnad på ca kr.8,- per bokstav (plotter).

Om du ønskjer å sikre deg ei Hafslo IL-dunjakke, må du bestille før 24. FEBRUAR.

BESTILLING MÅ sendast via Hafslo IL til e-post adresse: ovemidtbo@hotmail.com INNAN 25.FEBRUAR 2019 KL.20.

Vi håpar å kunne levere jakka til dei som har bestilt innan 15.mars 2019! Info om betaling vert sendt per epost etter levering.

NB: Hugs å opplyse om antal, storleik og om du ønskjer namn på rygg ved bestilling.

Om du er usikker på om du ønskjer å bestille eller kva storleik du treng, er det mogleg å få sett/prøve jakka hos Intersport Sogndal før du bestiller.

Det er IKKJE høve til bestilling etter 24.februar 2019. Men Hafslo IL håpar å kunne tilby medlemene våre eit tilsvarande kampanjetilbod i august/september 2019, dersom du ikkje ønskjer å bestille HIL-dunjakke i denne omgang.

OPPMODAR MEDLEMENE VÅRE OM Å NYTTE HØVET TIL Å SIKRE SEG EI HAFSLO IL DUNJAKKE TIL EIN GOD PRIS INNAN 25.FEBRUAR 2019!