Årsmøte Hafslo IL torsdag 7.februar 2019

Godt oppmøte på Hafslo IL sitt årsmøte for 2018 torsdag 7.februar 2019

Torsdag 7.februar 2019 vart årsmøtet for Hafslo IL for 2018 avvikla på Eikum Hotell frå kl.1930

I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene, vart det mellom anna vedteke ny anleggsplan for 2019-2022, ny handlingsplan for 2019-2022 og årsmøtet vedtok ei mindre auke i medlemskontigenten med verknad frå 01.01.2020.

Første del av årsmøtet handla i hovudsak om gjennomgang av årsmeldingane frå styret og særgruppene. Denne gjennomgangen synleggjorde stor aktivitet på alle nivå i løpet av 2018.

Etter årsmeldinga frå styret, vart minnet etter ein av æresmedlemene våre som gjekk bort i februar 2018, Olav Kjos-Wenjum, heidra med eitt minutts stillhet av årsmøtet.

Eli Sletten, Gabriela Alberska og Kristine Fardal Norheim fekk ei ekstra merksemd frå Trimgruppa for sin innsats i tilbodet Idrett for alle hausten 2018. Jentene har i tillegg fullført aktivitetsleiarkurs og deltok på kurs innan paraidrett under Idrettens møteplass i Sogndal i november. Jentene fekk kvar si velfortente Hafslo IL-jakke for innsatsen. Vi gratulerer!

Gjennomgangen av årsmeldingane vart avslutta med ein kort videosnutt med bilete og videoar med noko av den aktiviteten som har skjedd i regi av Hafslo IL i 2018. Årsmeldinga for 2018 ligg på heimesida, og bildevideoen ligg på Facebook-sida vår.

Eikum Hotell sørga som vanleg for god matservering og dessert, før årsmøtet heldt fram med rekneskap 2018, fastsetjing av medlemskontigent, budsjett 2019, handlingsplan 2019-2022, anleggsplan 2019-2022, val 2019 og til slutt utdeling av velfortente innsatskrus og andre utmerkingar til medlemer som takk for innsatsen i 2018.

Eikum Hotell sørga for god matservering som vanleg under årsmøtet!

Rekneskapen for 2018 syner eit flott årsresultat. Årsrekneskapen vert lagt ut på heimesida. Revisor Gerd Westby Haugen la fram revisjonsmeldinga for årsmøtet, som konkluderer med at rekneskapen er oversiktleg, syner god orden og at det ikkje er funne feil i samband med revisjonen. Årsmøtet godkjende rekneskapen for 2018.

Fastsetjing av medlemskontigent med verknad frå 01.01.2020: Årsmøtet vedtok styret sitt framlegg til fastsetjing av medlemskontigent med verknad frå 01.01.2020, og følgjande satsar vart vedtekne:

kr. 300 for einskildmedlemer, kr. 750 for husstandsmedlemsskap, kr.100 for pensjonistar

Handlingsplan 2019-2022: Årsmøtet vedtok styret sitt framlegg til ny handlingsplan for 2019-2022. Handlingsplanen vert lagt ut på heimesida.

Anleggsplan 2019-2022: I styret sitt framlegg til ny anleggsplan for 2019-2022, var det foreslått å prioritere ferdigstilling av anlegg for vinteridrett på Sogn Skisenter (stadion, rulleskiløype og hopp K10+K19) som førsteprioritet i den komande fireårsperioden. Som andreprioritet, var det framlegg om lysanlegg på Hafslo stadion i Moane. I styret sitt framlegg, var det også lagt inn hoppbakke K45, kunstgrasbane 11ar i Moane, fleirbrukshall og hoppbakke K70, utan at det var gjort ei prioritering mellom desse anlegga. Styret si grunngjeving for dette, var at desse anlegga krev meir utgreiing før dei eventuelt kan prioriterast. Styret meiner likevel at anlegga må inn i anleggsplanen, og arbeidast vidare med framover.

Denne saka skapte mykje engasjement, og etter ordskiftet og diskusjonane på årsmøtet, kom det framlegg om at det måtte prioriterast mellom alle anlegga i anleggsplanen. Etter fleire avstemmingar konkluderte årsmøtet med at anleggsplanen for 2019-2022 kunne godkjennast med følgjande prioriteringar mellom anlegga:

  1. Utvikling av anlegg for vinteridrett på Sogn Skisenter (stadion, rulleskiløype, K10 og K19)
  2. Lysanlegg Hafslo stadion i Moane
  3. Hoppanlegg K45 Sogn Skisenter
  4. Kunstgrasbane 11ar i Moane
  5. Fleirbrukshall Hafslo
  6. Hoppanlegg K70 Sogn Skisenter

Som tilleggsvedtak til anleggsplanen for 2019-2022, vedtok årsmøtet følgjande i tråd med styret sitt framlegg:

Årsmøtet i Hafslo IL vedtek å forskottere finansieringa av lysanlegg på Hafslo stadion i Moane på følgjande vilkår:

  • Det vert gjeve idrettsfunksjonell godkjenning for anlegget av Luster kommune.

Anleggsplanen, med endringane som vart vedteke på årsmøtet, vert lagt ut på heimesida.

Val 2019: Då det ikkje lukkast å få på plass valnemnd, har styret og gruppeleiarane fungert som valnemnd i forkant av årsmøtet. Resultatet av val av medlemer til styret, gruppene og dei andre nemndene finn de i lenkja nedanfor:

Vi ønskjer alle nyvalde tillitsvalde for 2019, ikkje minst Morten Rørstadbotten som ny leiar av Fotballgruppa, Runar Tørvi som ny leiar av Alpingruppa og Anne Grete Lomheim som ny leiar av Barneidrettsgruppa, velkomne til å gjere ein innsats for idrettslaget framover. Det same gjeld ny gruppeleiar i Langrennsgruppa når dei har fått konstituert seg. Veldig kjekt å få på plass nye og engasjerte tillitsvalde i idrettslaget vårt! Styret vil også takke alle som blir med vidare som tillitsvalde i idrettslaget også i 2019.

Innsatskrus og utmerkingar: Årsmøtet vart avslutta med utdeling av innsatskrus og andre utmerkingar som takk for innsatsen for Hafslo idrettslag. Desse fekk ei ekstra merksemd på årsmøtet ( i tillegg til dei som er nemnt ovanfor):

Trimgruppa: Line Hillestad Espeland og Ann Elisbeth Skjerven fekk innsatskrus. Erna Hamrum fekk HIL-bag.

Ann Elisbeth fekk innsatskrus av Trimgruppa på årsmøtet, og Erna fekk HIL-bag som takk for innsatsen. Line var ikkje tilstades og får overlevert velfortent innsatskrus i ettertid.

Fotballgruppa: Norill Terese Norheim, Styrk Hofslundsengen fekk innsatskrus. Birger Moene og Jonny Moen i stadionstyret fekk innsatskrus og HIL-gensar.

Norill Terese fekk innsatskrus frå Fotballgruppa på årsmøtet. Styrk, Birger og Jonny var ikkje tilstades og får overlevert sine innsatskrus i etterkant.

Alpint: Elisabeth Sætren og Kjetil Aspelund fekk innsatskrus.

Kjetil fekk velfortent innsatskrus frå Alpingruppa. Elisabeth var ikkje tilstades, men får også velfortent innsatskrus i ettertid.

Hoppgruppa: Ove Fredheim og Ellen Sophie Wangensteen Fredheim fekk innsatskrus (verken Ove eller Ellen Sophie var tilstades og får sine innsatskrus i ettertid).

Avgåtte gruppeleiarar: Kjersti Eikum Tang (langrennsgruppa), Kai Inge Cirotzki (fotballgruppa), Jørgen Berg (alpingruppa), Laila Haugsvær og Monika A. Reime (barneidrettsgruppa), fekk innsatskrus for flott og mange års innsats som gruppeleiarar.

Laila, Monika, Kai Inge, Kjersti og Jørgen fekk velfortente innsatskrus for mange års innsats som gruppeleiarar.

Bjørg Kjos-Wenjum og Jan Erik Røneid fekk supportarpris for sitt enorme engasjement og positiv profilering av Hafslo IL under mange arrangement i 2018 – særleg i samband med Norway Cup!

Alltid like blide og positive Bjørg tok i mot velfortent supportarpris på årsmøtet! Jan Erik var ikkje tilstades, og får sin velfortente supportarpris i etterkant.

Jon Ove Lomheim fekk blome og HIL-lue som nybakt verdsmeister i kombinert under årets veteran VM i Vikersund.

Jon Ove fekk blome og HIL-lue som nybakt verdsmeister i kombinert under årets veteran VM i Vikersund.

Mette Johannessen, styremedlem i Fotballgruppa, fekk blome og HIL t-skjorte for særskilt innsats i 2018, mellom anna for organisering av deltakinga for alle laga, spelarane og familiane frå Hafslo IL under årets Norway Cup.

Velfortent blome og t-skjorte til Mette under årsmøtet!

Styret v/ Ove, Sandhya, Erna, Kari Merete, Birthe Johanne og Geir Arne vil takke alle som møtte på årsmøtet, og ikkje minst vil vi takke alle medlemene, utøvarane og alle andre som har støtta Hafslo idrettslag i 2018!