Flott hopp- og kombinertsøndag i Kvamsbakken og på Heggmyrane

Søndag 10.februar 2019 vart det arrangert SFE KM i hopp og kombinert i Kvamsbakken og Heggmyrane på Hafslo. Og vergudane spelte verkeleg på lag med arrangørane, og sikra strålande forhold for både hopp og langrenn denne februarsøndagen.

Det var til saman 19 deltakarar frå Hafslo IL, Sogndal IL, Jølster IL, Førde IL, IL Veten og Tambarskjelvar.

Dei yngste hoppa først i K5, K10 og K18. Deretter vart det hoppa i K40 og K58 for dei eldste utøvarane.

Deltakarar jenter og gutar 9 år og yngre: Tindra Bergum, Synne Optun, Håkon Bondevik Lie og Oskar Optun – alle Hafslo IL

Deltakarar gutar 10 til 12 år: Oliver Bergum, Hafslo IL, Vegard Guddal, Veten IL, Hallgeir Hillestad, Hafslo IL

Deltakarar jenter og gutar 13 til 16 år (K18, K40 og K58): Gard Sønnesyn f. 2006, Hafslo IL, Gabriel Afdal f. 2006, Hafslo IL, Benjamin Afdal, f. 2006, Hafslo IL, Oda Sønnesyn f. 2004, Hafslo IL, Johannes Årdal, f. 2004, Jølster IL, Erlend Sie f.2003, Hafslo IL

Deltakarar 30 år og eldre (K40 og K58): Arve Sæthre, Sogndal IL, Torgeir Herstad, Tambarskjelvar, Jon Ove Lomheim, Hafslo IL, Nils Olav Kongsvik, Førde IL, Jarle Kalland, Sogndal IL, Ove Fredheim, Hafslo IL

Ove Fredheim, Hafslo IL, hadde dagens lengste hopp med 61 meter (bakkerekorden er 62 meter). Men Johannes Årdal f. 2004, Jølster IL, hoppa 59 og 60 meter og fekk dagens beste poengsum med 234,9 poeng.

Resultat frå SFE KM Hopp i lenkja nedanfor:

Alle deltakarane fekk sjølvsagt velfortente premiar etter hopprennet!

Etter hopprennet i Kvamsbakken, tok dei som skulle delta i kombinert turen til Heggmyrane for langrennsdelen.

Krinsvinnarane i kombinert etter langrennsdelen på Heggmyrane frå høgre mot venstre: Oda Sønnesyn (15 år), Gard Sønnesyn (13 år), Johannes Årdal (15 år), Erlend Sie (16 år), Jon Ove Lomheim (senior)

Resultat frå krinsrennet i kombinert 10.02.2019 i lenkja nedanfor:

Hoppgruppa i Hafslo IL rettar ein stor takk til dommarar, deltakarar og publikum som møtte opp på dagens hopp- og kombinertrenn i Kvamsbakken og på Heggmyrane, og gjorde dette til ein flott dag for hopp- og kombinertsporten!

Takk også til Luster kommune for flotte gåvepremiar til vinnarane i 13 års-klassa i hopp og kombinert! Takk også til Sogn Avis som møtte opp og tok fine bilete og intervjua dei yngste deltakarane, og ser fram til flott innlegg i lokalavisa!