Strålande innsats i Loppecupen på Hafslo

44 gutar og jenter frå 1.-6.klasse deltok på Loppecup i Samfunnsbygget i dag. 26 kampar, mange mål, flott spel, suveren innsats og ikkje minst glade born prega gymsalen i Samfunnsbygget på Hafslo i dag.

Fotballgruppa vil takke 7.klasse på Hafslo Barne- og ungdomsskule med foreldre for strålande samarbeid under årets Loppecup. Og ikkje minst vil vi takke alle borna som deltok, entusiastiske foreldre og for dei som var med å sponse flotte premiar! Takk også til elevane i 7.klasse som gjorde ein strålande jobb som dommarar! Og ein ting er sikkert: Jentene og gutane på Hafslo er klare for fotballsesongen 2015!

IMG_4583