Trimgruppa og BI har tur til Røymsstølen tysdag 26.mai. Ikkje alle veit kor trimpostane ligg, derfor får du tilbod om å gå i lag med kjentfolk. Møt opp ved parkeringsplassen ved Krossen på Mollandsmarki til kl. 17.30. Grete Marie Skårhaug Solvi og Audhild Moe går i lag med deg.
Tysdag 2.juni går turen til Huaplassen. Vi møtast kl. 17.30 i Kjosavegen. Møt opp i god tid, prøv å finn ein parkeringsplass og gå Kjosavegen til den deler seg oppom Geir Afdal sin gard. Det går ein bakke opp på venstre hand mot gamlevegen til Mollandsmorki. Irene Flugheim og Line Hillestad Espeland er «turleiarar».
Ta gjerne med noko godt å ete og litt drikke.
God tur!