Tine Fotballskule Hafslo 2015

IMG_2115     Picture1

Tine Fotballskule på Hafslo 2015 nærmar seg, og det er nærare 100 born i alderen 6-12 år som har meldt seg på årets fotballskule. Fotballskulen blir arrangert i Moane på Hafslo tysdag 11.august til torsdag 13.august 2015 kl.10-14 kvar dag.

Alle som har meldt seg på, skal no ha fått tilsendt informasjon om betaling mm. per epost eller SMS. Om det er nokon som trur dei har meldt seg på, men ikkje fått tilsendt informasjon, kan dei ta kontakt med Ove Midtbø per epost til ovemidtbo@hotmail.com.

I løpet av sommaren har vi fått nokre forfall. Derfor har vi framleis nokre ledige plassar. Om det er fleire som ønskjer å vere med men som enno ikkje har meldt seg på, blir siste frist for påmelding sett til søndag 9.august kl.18. Deltakaravgifta er på kr.400, som mellom anna inkluderer fotball, Tine-sekk, Tine t-skjorte og melk/frukt kvar dag. Påmelding via e-post til ovemidtbo@hotmail.com. NB: Vi har eit begrensa tal plassar att, så her gjeld «først til mølla – prinsippet» til det eventuelt blir fullt!