Tine Fotballskule Hafslo 2015 er i gong

IMG_6184

I dag møtte 100 jenter og gutar i alderen 6 til 12 år til første dag av årets Tine Fotballskule på Hafslo! Ein flott gjeng frå Hafslo, Veitastrond, Solvorn og Gaupne deltek på årets fotballskule, som har sett ny deltakarrekord for 8.året på rad!

I tillegg til dei 100 deltakarane på årets fotballskule, har vi mange flotte ungdomar og foreldre som stiller som instruktørar. Alle desse 19 gjer ein kjempeinnsats, og den frivillige dugnadsinnsatsen er avgjerande for at vi klarer å gje eit tilbod om fotballskule siste veka av sommarferien på Hafslo kvart år! Vi skal vere stolte av at vi har slike ungdomar og foreldre på Hafslo som gjer at vi kan gje eit tilbod om fotballskule siste veka av sommarferien!

Trass i øsande regnver den første timen av årets fotballskule, sette det ingen dempar på verken humøret eller innsatsen til spelarane og instruktørane den første dagen! Veret vart betre etterkvart og strålande innsats av alle! Så satsar vi på at dei to neste dagane blir minst like bra som i dag! Og ikkje minst er det meldt «brukbart» sommarver etter årets standard dei neste dagane!

IMG_8724   IMG_6161

IMG_8737IMG_8739

Picture1