Tine Fotballskule Hafslo 2015 vart eit eventyr for store og små!

 

IMG_6319

Siste dagen av årets fotballskule på Hafslo vart i dag avvikla i strålande sommarvær, der høgdepunkta stod i kø:

Turnering, minimerke-taking, kamp mellom alle deltakarane og instruktørane, danseoppvisning ( med nesten alle deltakarane og instruktørane) og avslutning med hamburgar, pølse og Stao Pao! 100 jenter og gutar i alderen 6-12 år forlot Moane med mange gode opplevingar etter 3 dagar med fotballaktivitet og mange gode minner frå årets Tine Fotballskule på Hafslo! Og mange har garantert tileigna seg mange gode fotballferdigheiter også!

IMG_6276

Fotballgruppa vil takke alle 103 deltakarane som var innom fotballskulen i løpet av dei tre dagane, alle foreldra som stilte opp som instruktørar, og ikkje minst dei 11 ungdomsspelarane i klubben som stilte opp med engasjement og godt humør! Årets fotballskule på Hafslo sette ny deltakarrekord med over 100 deltakarar for første gong, og er garantert den beste som har vore arrangert på Hafslo!

 

IMG_8801

Takk til NFF og Tine som legg til rette for eit fantastisk konsept med t-skjorte, sekk, Tine-mjølk og juice!

Takk også til Erna og Kjetil som sørga for avslutning med hamburger, pølse og Stao Pao-drikke til alle!

Tre fantastiske dagar i Moane, gjer at dette er noko vi absolutt må få til neste år også!

IMG_6361