God stemning på Romjulscupen

IMG_0081 IMG_0087

Det var god stemning under årets Romjulscup i fotball i Samfunnsbygget på Hafslo i går 30.desember. 43 jenter og gutar i alderen 5-12 år ga alt og sytte for god underhaldning i løpet av dei 20 kampane som vart gjennomført. Engasjerte foreldre, besteforeldre og søsken sørga for god stemning også på tribuna.

Takk til elevar og foreldre i 8.klasse for eit flott arrangement, og til Luster Sparebank for sponsing av premiar.

Fotballgruppa på Hafslo vil nytte høvet til å takke spelarar, foreldre og alle andre støttespelarar for innsatsen i løpet av 2015. De har alle vore med på å bidra til ein av dei mest aktive fotballsesongane på Hafslo nokonsinne. Vi har hatt mange deltakarar og stor aktivitet gjennom heile året, og dette hadde ikkje vore mogleg utan den store dugnadsinnsaten og engasjementet alle har bidrege med.

GODT NYTTÅR OG SÅ SER VI FRAM MOT EIN MINST LIKE FLOTT SESONG I 2016!