Laginndeling og kampoppsett Romjulscup Hafslo 2015

Etter at påmeldingsfristen gjekk ut i går, var det 43 jenter og gutar i alderen 5-12 år som hadde meldt seg på årets Romjulscup på Hafslo (12 jenter og 31 gutar). Jentene og gutane er i år fordelt i to klassar etter alder, med 4-5 spelarar på kvart lag. Alle lag spelar 4 kampar. Trekninga er gjennomført, og laginndeling og kampoppsett finn de nedanfor.(lenkje i to ulike format).

NB: Dersom nokon oppdagar feil, eller meinar dei har meldt seg på utan at dei finn namnet sitt på nokon av laga, så ta kontakt med Ove Midtbø på e-post: ovemidtbo@hotmail.com eller per telefon 41375655, så ordnar vi det.

Som de ser av laginndelinga og kampoppsettet blir det totalt 20 kampar i år, og det blir mange «storoppgjer» mellom lag som er kvalifisert til EM i Frankrike neste sommar. Dessverre fekk vi ikkje plass til alle EM-klare land, men det blir likevel mange spanande kampar i Samfunnsbygget på Hafslo i morgon onsdag 30.desember frå kl.12. Oppmodar alle påmelde spelarar om å møte i god tid, slik at alle blir registrert og er klare til sine lags første kampar.

Minner om at alle påmelde spelarar betalar kr.50 ved oppmøte/registrering i Samfunnsbygget i morgon. Minner om at det i tillegg blir enkelt kiosksal med moglegheit for å få kjøpt kaffe, saft, kaker og pølser med lompe/brød. I samarbeid med Fotballgruppa ønskjer elevar og foreldre i 8.klasse ved Hafslo Barne- og ungdomsskule alle velkomne til ein flott fotballdag i Samfunnsbygget på Hafslo i morgon frå kl.12.

Lag og kampoppsett Romjulscup Hafslo 2015 – oppdatert