Romjulscup Hafslo 2015

I samarbeid med Fotballgruppa på Hafslo arrangerer 8.klasse på Hafslo Barne- og ungdomsskule den etterkvart så tradisjonsrike Romjulscupen i fotball onsdag 30.desember 2015 frå kl.12 i Samfunnsbygget på Hafslo. Det blir mykje fotballaktivitet og enkelt kiosksal.

Turneringa er for jenter og gutar født 2010-2009-2008-2007-2006-2005-2004-2003 (til og med 7.klasse).

Deltakaravgift kr.50 per spelar som betalast kontant ved oppmøte i Samfunnsbygget onsdag 30.desember. Påmelding per e-post til ovemidtbo@hotmail.com innan måndag 28.desember! NB: Hugs fødselsår ved påmelding.

Lag blir sett saman av turneringsleiinga etter at påmeldingsfristen er gått ut. Kampoppsettet blir sendt ut om ettermiddagen/kvelden tysdag 29.desember på Facebook-sida «Romjulscup Hafslo 2015» og på heimesida til Hafslo IL!

Alle får premie. VEL MØTT TIL EIN FLOTT FOTBALLONSDAG I SAMFUNNSBYGGET PÅ ÅRETS NEST SISTE DAG!:)