Tilbakeblikk på sesongen 2015: VM i Taivalkoski

Under VM for veteranar i Taivalkoski, Finnland, den 26. mars tok Per Birger gull i hopp K- 40 meter og gull i kombinert.klasse over 70 år. Dessutan vart det ein 6. plass i ein open klasse over 50 år, k- 20 meter, som berre var med i eit hopprenn (k-40 meter).

Det var 35 hopparar frå Norge og dei tok tilsaman 3 gull. To av dei gjekk til Hafslo.

Frå v. Ake Saloniemi (sølv)  , Per Birger Lomheim (gull)  ,   Knut Wester  (bronse)
Premieutdeling Frå v. Ake Saloniemi (sølv) , Per Birger Lomheim (gull) , Knut Wester (bronse)

Jon Ove tok sølv i hopp, k- 40 og sølv i kombinert den 26. mars. Den 25. mars vart det ein 5. plass i hopp k- 50. Det kan leggast til at under det kombinerte hopprennet i k- 40 vart det ein 6. plass og med det utgangspunktet gjekk han i langrennet forbi 4 konkurrentar og kom i mål ca. ein fotlengde føre bronsen. med det hadde han beste langrennstid av alle over 60 år på rennet. Det står respekt av å ta to sølv i eit slikt meisterskap.

Premieutdeling kombinert: Frå v.    Jon Ove Lomheim (sølv)  , Arsi Sjøgren  (gull)  ,    Jan Skevik  (bronse)
Premieutdeling kombinert:
Frå v. Jon Ove Lomheim (sølv) , Arsi Sjøgren (gull) , Jan Skevik (bronse)
Her syng vi som det ljomar når "Ja, vi elsker dette landet" vert spela
Her syng vi som det ljomar når «Ja, vi elsker dette landet» vert spela
Per Birger og Jan Willy Oskal som er leiar av Veteranhopp Norge
Per Birger og Jan Willy Oskal som er leiar av Veteranhopp Norge
Det var 11 nasjonar med på VM i Taivalkoski. Sveits og Sverige tok ein gull kvar. Tsjekkia tok 2 gull og Norge tok 3 gull. Dei andre gullmedaljane gjekk til Russland og Finnland.
Det var 11 nasjonar med på VM i Taivalkoski. Sveits og Sverige tok ein gull kvar. Tsjekkia tok 2 gull og Norge tok 3 gull. Dei andre gullmedaljane gjekk til Russland og Finnland.