Idrettslaget treng deg!

I februar er det igjen tid for årsmøte og valnemnda har starta arbeidet med å fylle alle større og mindre verv. I år er det forholdsvis mange posisjonar som skal fyllast, av dei større verva er det fleire hovudstyreplassar og gruppeleiarverv. I tillegg trengs det mange medlemmar i dei ulike gruppene.

Så langt har arbeidet til valnemnda vore vanskeleg. Dei fleste som blir spurde vegrar seg for å sei ja til å ta ansvar av noko slag. Spesielt vegrar ein seg for leiarposisjonar. Med denne haldninga vil vi ikkje klare å fylle verva som manglar folk. Dette vil i neste omgang minke aktiviteten i idrettslaget vårt.

Vi vil difor med dette på det sterkaste oppfordre deg som medlem i idrettslaget til å stille opp for laget i eit tillitsverv der du føler du har noko å bidra med. Alle har det samme ansvaret for aktiviteten i laget. Ver positiv og sei ja til ei utfordring!

Har du lyst å bidra, er du svært velkommen til å ta kontakt med dei ulike gruppestyra eller ein av medlemmane i valnemda; Aamund Bremer, Laila Heggestad og Elin Hilleren.