Under VM for veteranar i Taivalkoski, Finnland, den 26. mars tok Per Birger gull i hopp K- 40 meter og gull i kombinert.klasse over 70 år. Dessutan vart det ein 6. plass i ein open klasse over 50 år, k- 20 meter, som berre var med i eit hopprenn (k-40 meter).
Det var 35 hopparar frå Norge og dei tok tilsaman 3 gull. To av dei gjekk til Hafslo.
![Frå v. Ake Saloniemi (sølv) , Per Birger Lomheim (gull) , Knut Wester (bronse)](http://hafslo-il.no/wp-content/uploads/2015/12/VM-1024x680.jpg)
Jon Ove tok sølv i hopp, k- 40 og sølv i kombinert den 26. mars. Den 25. mars vart det ein 5. plass i hopp k- 50. Det kan leggast til at under det kombinerte hopprennet i k- 40 vart det ein 6. plass og med det utgangspunktet gjekk han i langrennet forbi 4 konkurrentar og kom i mål ca. ein fotlengde føre bronsen. med det hadde han beste langrennstid av alle over 60 år på rennet. Det står respekt av å ta to sølv i eit slikt meisterskap.
![Premieutdeling kombinert: Frå v. Jon Ove Lomheim (sølv) , Arsi Sjøgren (gull) , Jan Skevik (bronse)](http://hafslo-il.no/wp-content/uploads/2015/12/VM2.jpg)
Frå v. Jon Ove Lomheim (sølv) , Arsi Sjøgren (gull) , Jan Skevik (bronse)
![Her syng vi som det ljomar når "Ja, vi elsker dette landet" vert spela](http://hafslo-il.no/wp-content/uploads/2015/12/VM3.jpg)
![Per Birger og Jan Willy Oskal som er leiar av Veteranhopp Norge](http://hafslo-il.no/wp-content/uploads/2015/12/VM4.jpg)
![Det var 11 nasjonar med på VM i Taivalkoski. Sveits og Sverige tok ein gull kvar. Tsjekkia tok 2 gull og Norge tok 3 gull. Dei andre gullmedaljane gjekk til Russland og Finnland.](http://hafslo-il.no/wp-content/uploads/2015/12/VM5.jpg)