Leiar i idrettslaget

Hei. Det er no eingong slik at idrettslaget treng ein leiar. No har valnemnda spurt mange, men berre fått «nei takk» til svar. Så om du vil vere leiar, eller kjenner ein/ei som du trur kan verte leiar, eller har gode idear om korleis vi kan få dette til, så lyt du kontakte valnemnda v/Kjersti 95230831.

Å vere leiar er litt jobb – det er det. Men det er ein interessant og viktig jobb, og eit spanande verv. Og det er eit verv for idrett, samvere og identitet i bygda. Det er difor eit høve for å bidra på ein god og konstruktiv måte i bygda. Leiar i HIL vert løna med 40000 kr i året.

Om du lurer på omfang, roller og tidsbruk, kan du kontakte noverande leiar, Margunn, 99107174.